Laurdag 19.oktober 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Hei og Hå 4H, Mari Maurstad og TV2

"Nabolaget" ser ut til å bli utsett.

Av Oddfrid Vereide

Kvar fredag utover året skulle "Nabolaget" gå på TV2 i beste sendetid.Dette programmet er eit samarbeid med eit nytt spel frå Norsk Tipping og set fokus på frivillig innsats rundt om i lokalsamfunn. No har EFTA sitt overvakningsorgan ESA til vurdering Norsk Tipping sitt spelmonopol i Norge. Så lenge dette pågår så vil Kulturdepartementet ikkje godkjenne nye spel frå Norsk Tipping. Storpolitikken stoppar dermed innslaget med Hei og Hå 4H frå å kome på lufta. Vi reknar med at det ordnar seg og at programmet kjem på seinare. Uansett hadde vi ein super dag med Mari Maurstad og vi er stolte og glade for at ho valde Hei og Hå 4H som sin organisasjon!

24.februar kom Mari ilag med regissør Anne Marte Adolfsen og fotograf Tonje til Bryggja og vi hadde ein spennande dag i Bygdatun med filmopptak. Tema for dagen var teater og vi hadde mykje moro med teatersport, leik og litt intervju. Vi veit ikkje kortid vi kjem på lufta,men her er nokre tilbakeblikk på aktivitetane vi hadde. Haustfest-programmet må nå nye høgder etter dette......




Lyssjekk og klar til opptak.




Teatersport med profesjonell instruktør. Spennande og utfordrande, men mest av alt kjempekjekt.




Innimellom var det intervju med enkeltmedlemer.




Mari mottok ein diplom i ramme som eit synleg bevis på at ho er Æresmedlem i Hei og Hå 4H. Vi er stolte og glade for at ho valde oss som sin organisasjon til "Nabolaget"




Christoffer Gotteberg Hovden og Maren Midtbø Heggedal fekk utdelt 4H-plaketten for fullført 4H-program. Dei har vore medlem i klubben i ni år. To år aspirant, tre år junior og fire år senior. I fleire år har dei også hatt styreverv i klubben. Gratulerar.




Tusen takk til Bryggja Sanitetsforeining som laga nydeleg betasupa til heile gjengen.




Etter ei god arbeidsøkt med filmopptak og mykje latter og moro, smaka det godt med mat.




God stemning og entusiasme i Hei og Hå 4H og med ny erfaring med korleis ein lagar fjernsynsprogram.
Hjarteleg takk for ein strålande dag, Mari!


Reportasje i Fjordenes Tidende

Gå til nyhendearkiv

Invitasjon til frivillige lag og org. i Stad kommune. Innbyggjartreff 26.okt på Nordfjordeid
Trekningsliste frå sanitetsbasaren. Takk for all støtte og hjelp!
Bryggja Sanitetsforening
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
20. okt
Bryggja Sanitetsforening er med som bøsseberarar i årets TV-asksjon
Bryggja Sanitetsforening
20. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.15.
Hei og Hå 4H
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind