I Krokapollen driv Magnus Willumsen kystleirskule.
Her kan ein oppleve det beste av kystliv og avkopling.
Kano, trøbåt, sette garn, krabbekos på kaia, bading,skattejakt, båtliv, fisking, og ikkje minst allsong.
Den einaste helga i september med fint haustver pakka vi sekken og reiste.
Kvelden seig på og kveldsmaten inntok vi på kaia.
Når Willumsen tok fram trekkspelet vart det fart i allsongen til langt på natt.
Og dagen etter var det tidleg opp å trekke garn før frukost.
Fin fangst av torsk og lyr.
Takk for eit flott opphold- vi kjem gjerne igjen.
Alle foto Ruth Karin Maurstad
|