Laurdag 30.mai 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Leirskule på Hauglandsenteret.

7.klasse ved Bryggja skule var på leirskule 16. - 20. april -07.

Av I. Hole

Leirskule - Hauglandsenteret, Flekke i Sunnfjord. © I. Hole
Leirskule - Hauglandsenteret, Flekke i Sunnfjord.
I. Hole
Vi starta frå Bryggja skule måndag morgon kl.09.00, og var framme på Hauglandsenteret kl. 13.00. Der vart vi mottekne av Ragnhild Schei Fauske, som er sjef for leirskulen. Vi vart innlosjerte i ”Riggen”, jentene på firemannsrom og gutane på tomannsrom. Deretter fekk vi oss lunsj og byrja å gjere oss kjende på staden.Det var nokre bratte bakkar å gå mellom ”Riggen” og aktivitetane, så vi fekk trimma oss godt denne veka.

Leirskule - Naustet, samling kvar morgon © Ingunn L. Hole
Leirskule - Naustet, samling kvar morgon
Ingunn L. Hole
Kvar morgon kl.09.00 samlast vi i ”Naustet” for å få orientering om dagens aktivitetar. Her vart elevane delt inn i grupper og møtte gruppeleiarane sine. Leirskulen har to heiltidstilsette lærarar + ein lærar som er tilsett berre dei 18 vekene leirskulen varer (9 veker om våren og 9 veker om hausten). I tillegg har dei ei som jobbar frivillig for kost og losji + litt lommepengar.

Det var mange ulike aktivitetar å velje mellom på leirskulen. Ein av dei var kanopadling.

Kanopadling og båt.
Desse aktivitetane gjekk føre seg på bukta rett ved Hauglandsenteret.
Leirskule - kanopadling © I. Hole
Leirskule - kanopadling
I. Hole

Frå bassenget.
På Hauglandsenteret har dei bygd eit flott badeanlegg med to store basseng, og ei sklie som vart flittig brukt av leirskuledeltakarane.
Leirskule - Hauglandsenteret har flott basseng. © I. Hole
Leirskule - Hauglandsenteret har flott basseng.
I. Hole
Leirskule - frå badebassenget © I. Hole
Leirskule - frå badebassenget
I. Hole

I klatreveggen.
Ein annan av aktivitetane var klatring. Både inne og ute var det laga til klatrevegg. Vi var svært uheldige med veret denne veka, så det var mest attraktivt å klatre inne.
Leirskule, utstyret må vere i orden. © Ingunn L.Hole
Leirskule, utstyret må vere i orden.
Ingunn L.Hole
Leirskule - i klatreveggen © I.Hole
Leirskule - i klatreveggen
I.Hole

Onsdag var utfluktsdag.
Leirskule - Jensbua © I.Hole
Leirskule - Jensbua
I.Hole
Denne dagen vart vi delt i to grupper. (Saman med oss på leirskulen var to klassar frå Nørvasund skule, Ålesund, så i alt var vi godt over 40 elevar og tre lærarar)
Den eine gruppa tok buss og den andre gruppa fekk seg ein fin tur med åttringen til leirskulen (med påhengs) ut til Jensbua,
ei gammal sjøbu der dei driv restaurering av gamle båtar og bygging av nye etter gamal modell.
Leirskulen har fast aktivitetsdag der kvar onsdag. Frå Jensbua vart det arrangert fisketur på fjorden, utflukt i skogen og spikking av smørjekniv.
Leirskule - f.v.Andreas Runshaug, Sigrid J. Husevåg, Susann Osnes, Maldini Charles, Mariel Hole. © I. Hole
Leirskule - f.v.Andreas Runshaug, Sigrid J. Husevåg, Susann Osnes, Maldini Charles, Mariel Hole.
I. Hole
Leirskule - Sigrid med fangsten sin. © I. Hole
Leirskule - Sigrid med fangsten sin.
I. Hole

Kveldsaktivitetar.
Elevane ved Red Cross Nordic United World College hadde ulike kveldstilbod til leirskuleelevane, m.a.fekk dei vere med på japansk papirbretting, internasjonale leikar, dans og dramatisering.
Leirskule - Japansk papirbretting (Origami) © I. Hole
Leirskule - Japansk papirbretting (Origami)
I. Hole
Leirskule - Instruktørane på papirbrettinga. © I. Hole
Leirskule - Instruktørane på papirbrettinga.
I. Hole
Leirskule - Internasjonale leikar © I. Hole
Leirskule - Internasjonale leikar
I. Hole

Leirskule - Storytelling © I. Hole


Avslutningsfest.
Torsdag kveld var det avslutningsfest i "Naustet". Alle klassane hadde førebudd litt program til festen. Vi frå Bryggja hadde ein konkurranse, medan ålesundarane hadde med nokre songar til allsong. Bevertning høyrde sjølvsagt med: sjokoladekake og saft.
Som avslutning på kvelden var det diskotek.
Leirskule - Avslutningsfest © I. Hole
Leirskule - Avslutningsfest
I. Hole
Ei annleis og svært lærerik veke var til ende. Det triste var at veka gjekk så altfor fort. Alle ville helst vore der ei veke til i same slengen, sjølv om det både regna og snøa nesten kvar dag. Men vi høyrde ikkje mykje klage over veret. Trivselen overdøyvde alt anna.
Til sjette klasse: Gled dykk til neste år!

Gå til nyhendearkiv

Plakat på saniteten sine onsdagsturane frå mai til 9.september 2020
Bryggja Sanitetsforening
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.

 

1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
3. jun
Onsdagstur til Øgarden frå Hole, fellestur med Kjølsdalen
Bryggja Sanitetsforening
10. jun
Onsdagtur til Kjølsdalen, byggefeltet Langestigane til Årdalen t/r (fellestur), merk tidspunktet kl 17.45
Bryggja Sanitetsforening
17. jun
Onsdagstur til Falkeviksætra frå Almenningsfjellet (i sti over tunellen)
Bryggja Sanitetsforening
24. jun
Onsdagtur til Totlandsmarka, frå kraftverket til Blankevatnet
Bryggja Sanitetsforening
1. jul
Onsdagstur og KLØVERTUR. Movatnet- Høglia, grilling i Høglia. Fellestur.
Bryggja Sanitetsforening
8. jul
Onsdagstur til Kringla
Bryggja Sanitetsforening
15. jul
Onsdagstur til Skorsteinshola frå Navevatnet (nye skogsvegen)
Bryggja Sanitetsforening
22. jul
Onsdagstur Sætrevatnet frå Fagerlida
Bryggja Sanitetsforening
29. jul
Onsdagstur / Kløvertur til Tofta
Bryggja Sanitetsforening
5. aug
Onsdagstur til Yste Raudeggjevatnet frå Brunsvika
Bryggja Sanitetsforening
12. aug
Onsdagsturen til Ytre Hundeidesetra. Fellestur med Kjølsdalen. Merk kl 17.45 frå busskuret ved Bryggja Grendahus
Bryggja Sanitetsforening
16. aug
Søndag tur ilag med saniteten til Mosekleivhornet frå Hoddevikfjellet Stadt (fellestur), start kl 09.15
Bryggja Sanitetsforening
26. aug
Onsdagsturen/ Kløvertur til Navestøylen i Kjølsdalen, event til vatnet (fellestur), merk tidspunkt kl 17.30
Bryggja Sanitetsforening
2. sep
Onsdagstur til Rimsstadosen. Sløyfer setra i år også.
Bryggja Sanitetsforening
9. sep
Onsdagstur Torvhuse i trimløypa v/vassverket (grilling) KLØVERTUR
Bryggja Sanitetsforening
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening