Rune hadde preparert bakken med traktor og køyrd opp ei kjempeflott langrennsløype. Men det tøffaste var å ake på ein oppblåst traktorslange inni ein rundballe sekk! Ungane kvina av fryd og det var ikkje fritt for at ein fekk ei kjensle av å vere på tivoli når vi sette utfor bakken, for dette gjekk skikkeleg fort! Alle var einige om at vi ikkje kunne setje verdensrekord, så vi prøvde å setje Holerekord i kvart forsøk vi hadde nedover.
 | Garden Hole bada i idyllisk sollys denne fantastiske marsdagen! |
 | Aktivitetar for alle! |
 | Det måtte planleggast kvar ein skulle liggje på traktorslangen. Dei lengste måtte liggje i midten og dei kortaste ute på sidene.Rekorden har 6.klasse. Dei fekk heile klassen på seks stykker opp på hjulet. |
 | Uvæææ, no er det like før vi set utfor det brattaste punktet i bakken! |
 | Denne gongen vart det ikkje ny Hole rekord, men det gjekk fort! |
 | Ganske travelt å dra "tuba" opp att! |
 | Her vert dei som skal ake i plastikksekk pakka inn. |
 | Opp med føtene! |
 | Aking på plast i denne bakken gjekk unna! Vi måtte gøyme oss inni plasten for ikkje å få ansiktet fullt av snø. |
 | Kjempeflott bakke å lære seg å stå på snowboard. |
 | Pass opp, no kjem eg! |
|