Torsdag 21.november 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Den kjempestore krokodillen

1.- 4. klasse har vore på teater i Nordfjordhallen i regi av Den kulturelle skulesekken. Vi fekk sjå stykket "Den kjempestore krokodillen" etter ei bok av Roald Dahl.

Teaterversjonen av Den kjempestore krokodillen er dramatisert av Peder Opstad og han hadde med seg Iver Bjurgren på gitar. Stykket handlar om at Den kjempestore krokodillen er svolten! Han har pønska ut ein masse triks og lureri, og vil til byen for å finne saftige og jomsegode barn. På veg gjennom jungelen møter han Fjodor flodhest, apekatten Knaskesmatt og elefanten Snabel. Dei har andre planar!

Skodespelaren fekk med seg barna og det vart engasjerande og moro med ekte teater i skuletida!

Vi måtte vente ute i garderoba før teateret starta.
Vi måtte vente ute i garderoba før teateret starta.
No gler vi oss til å få sleppe inn.
No gler vi oss til å få sleppe inn.
Den kjempestore krokodillen skulle prøve å ete saftige og søte barn!
Den kjempestore krokodillen skulle prøve å ete saftige og søte barn!
Barna skulle bort til eit lite palmetre for å plukke kokosnøtter
Barna skulle bort til eit lite palmetre for å plukke kokosnøtter
Krokodillen lata som om han var ei vippe. Når barna kom og skulle vippe på han skulle han ete dei!
Krokodillen lata som om han var ei vippe. Når barna kom og skulle vippe på han skulle han ete dei!
Vi nytta høve til å ake litt ute før bussen kom.
Vi nytta høve til å ake litt ute før bussen kom.



Gå til nyhendearkiv

Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
15. des
Julekonsert i Totland kyrkje
Bryggja Skulekorps
15. des
JULEKAFÈ i Grendahuset etter julekonserten i kyrkja
Ytre Nordfjord Brass