Onsdag 18.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Luktesansen

Tredje kvar fredag har 1.-3. klasse utedag, og denne dagen gjekk vi ein tur til Hølen.

Vi held på å lære oss litt meir om dei fem sansane våre, og denne dagen skulle vi konsentrere oss om luktesansen. Vi hadde ein time på skulen fyrst der vi snakka om korleis nasa virka. Når vi dreg lukt inn i nasehola blandar den seg med slimet der, slik at håra i nasa oppfattar lukta. Nervane i håra sender melding vidare til hjernen som fortel oss kva lukt det er. Vi lærte at vi kan kjenne ca 10 000 ulike lukter og vi var einige om at vi vert kvalme av nokre lukter, glade av nokre lukter og svoltne av nokre lukter. Etter dette skulle vi ut i naturen og finne ut kva som lukta og kva som ikkje lukta. Vi tok med oss nokre ting frå naturen tilbake til skulen der vi lukta vidare.

Fyrste turen til gapahuken i år
Fyrste turen til gapahuken i år
Det er nyttig og lærerikt å samtale og finne ut korleis eit stormkjøkken skal monterast.
Det er nyttig og lærerikt å samtale og finne ut korleis eit stormkjøkken skal monterast.
Tomatsuppe luktar så godt at vi vert svoltne
Tomatsuppe luktar så godt at vi vert svoltne
Kvar gong vi er opp i gapahuken vår jobbar vi med å byggje oss ein steinvorr slik at vi kan kome tørrskodd over på den andre sida.
Kvar gong vi er opp i gapahuken vår jobbar vi med å byggje oss ein steinvorr slik at vi kan kome tørrskodd over på den andre sida.
Dette blir bra til sommaren når vi kan gå berrføtt uti her
Dette blir bra til sommaren når vi kan gå berrføtt uti her
Snø luktar ikkje
Snø luktar ikkje
Granbar luktar skog
Granbar luktar skog
Stein luktar ikkje
Stein luktar ikkje
Kvifor har kubæsjen slutta å lukte ekkelt?
Kvifor har kubæsjen slutta å lukte ekkelt?
På veg ned att på skulen etter turen til Hølen
På veg ned att på skulen etter turen til Hølen
Eg tenkjer på graut når eg luktar på kanel
Eg tenkjer på graut når eg luktar på kanel
Hjortesalt luktar sterkt og rart!
Hjortesalt luktar sterkt og rart!
Rosiner vert eg glad av å lukte på
Rosiner vert eg glad av å lukte på
Vi har mange millionar hår i nasa, vi fekk auge på dei gjennom forstørringsglas.
Vi har mange millionar hår i nasa, vi fekk auge på dei gjennom forstørringsglas.
Vi har jobba med mønster og symmetri i matematikk så difor laga vi mønster av tinga vi fann ute i naturen som lukta og ikkje lukta
Vi har jobba med mønster og symmetri i matematikk så difor laga vi mønster av tinga vi fann ute i naturen som lukta og ikkje lukta

Gå til nyhendearkiv

Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind