Måndag 16.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Frå årsmøte 22.februar

Av Astrid Midtbø

Bryggja Sanitetsforening hadde årsmøte på Fjordly 22.februar med 22 medlemmar tilstades.

Av årsmeldinga går det fram at foreninga pr.31.12.04 har 148 hovudmedlemmar og 94 familiemedlemmar.
Foreninga har i året som gjekk hatt utsending til regionalt seminar om beredskap og medlemsverving, på Nordfjordeid, til osteoporosemøte på Skei og 2 utsendingar til fylkesårsmøte på Davik. Nestleiaren vår deltok også på ein konferanse i Oslo til støtte for lokalsjukehusa.
Av medlemmane er det 16 som er aktive i foreninga. Vi arrangerte turar i skog og mark kvar tysdag ettermiddag frå mai til september. I mai selde vi rømegraut og lodd på ”Vårsleppen” i Bryggja sentrum.
Frå midten av september blei det slutt å gå med handlevogn på Bryggja aldersheim. Bebuarane der flytta då til den tidlegare sjukeheimen i Måløy medan ombygginga av heimen her på går. Men vi startar opp att så snart dei kjem tilbake, ein gong utpå sommaren. Nokre av oss var med å serverte kaffi og kaker på ”stova” i Måløy den dagen dei flytte ut.
Den viktigaste inntektskjelda for saniteten var basaren den 7. november. Då markerte vi også foreninga sitt 40 års jubileum med mykje fint program bl.a. festleg musikk av Vindfylla spel- og dansarlag. Nettoresultatet blei kr 34000,-. Andre inntektskjelder er sal av fastelavsris.
I 2004 støtta vi merkesakene: Kreftsaka, revmatisme, barnesjukdomar, osteoporose, kvinnemedisinsk forsking og psykisk helsevern i Sogn og Fjordane med kr 2000,- kvar.
Vi støtta ADHD-foreninga på Nordfjordeid, Soltunet på Kulatoppen, Fjordly barnehage, Bryggja utviklingslag, Bryggja skulekorps 40 års-jubileumsgåve og flomoftra i Asia.
Alle nyfødde på Bryggja og i Almenning fekk ( i 2004) kvite badehandklær med saniteten sin logo på.

Styret i 2005 er:
Leiar: Lillian Kriken
Nestleiar: Marit Nore Sørhaug
Kasserar: Randi Husevåg
Skrivar: Astrid Midtbø
Styremedlem 1: Alfhild Tunold
Styremedlem 2: Liv Midtbø
Varamedlem 1: Laura Hole
Varamedlem 2: Randi Kvamme

Dei som vil låne krykkje av sanitetsforeninga kan henvende seg til Magnhild Kjøllesdal. Bilbarnestolane kan lånast ved å henvende seg til Gunvor Svoren.

Bryggja Sanitetsforening takkar alle som har vore med å støtta oss i arbeidet vårt i året som gjekk.

Gå til nyhendearkiv

Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind