Tysdag 26.mai 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Åkerprosjekt, plantane er komne i jorda

Fredag 14.mai var det hausttemperatur att. Regnet plaska ned, gradestokken viste 9 grader og det var surt og kaldt. Men vi kunne ikkje henge med hovudet, fordi i dag skulle vi endeleg plante ut dei plantane vi hadde sådd på skulen og nokre nye plantar som Oddfrid hadde kjøpt. Barna gledde seg og har allereie planlagt kva grønsaker dei har lyst til å hente i åkeren i sommar.

Oddfrid tok imot oss nede med Harald Maurstad, der vi samla oss på låvebrua. Ho forklarte korleis vi måtte gå fram når vi skulle plante. Det skulle være 40- 50 cm mellom kvar får, og 20 til 40 cm mellom kvar plante alt etter kva vi sette ned i jorda.

Oddfrid fortel korleis ein skal plante
Oddfrid fortel korleis ein skal plante
Det var to og to som samarbeidde om å plante. Ein grov hol og målte opp riktig avstand med ein hyssing, medan den andre sette planten i jorda. Dei hadde tydelegvis fått med seg kva Oddfrid hadde sagt, fordi dei sette fyrst planten forsiktig ned i holet, skubba mold attåt og til slutt gav den eit trykk ned i jorda, slik at det ikkje skulle kome luft til røtene. Dei planta på skift, men dei var supereffektive når dei jobba, så det gjekk ikkje lenge før vi hadde planta mange fårer.
Utruleg aktive og flinke elevar i åkeren
Utruleg aktive og flinke elevar i åkeren
Samarbeid er viktig lærdom
Samarbeid er viktig lærdom
Neper i lange baner
Neper i lange baner
Eg gler meg til å ete kål frå eigen åker
Eg gler meg til å ete kål frå eigen åker
Vi har fått mange sortar i jorda
Vi har fått mange sortar i jorda
Ingen her som tykkjer det er dumt å være ute i litt regn!
Ingen her som tykkjer det er dumt å være ute i litt regn!
Oddfrid hadde også fått tak i tre typar korn, det var bygg, havre og kveite. Det var mest havre som vart dyrka her på Vestlandet før. Det byggkornet vi har sådd i åkeren kjem frå eit kvernhus i Remmedalen. Det har lagt der sidan 1950 talet, så vi er sjølvsagt spente på om det vert noko resultat å hauste. (Vi trur vel ikkje det)
Bygg
Bygg
Havre
Havre
Kveite
Kveite
Vi hadde ein proff førelesar som fortalde oss korleis dei sådde korn i gamle dagar. Harald Maurstad fortalde at det var svært viktig for bøndene å få ei god avling med korn. Dersom dei ikkje fekk det, ville familien svelte. Det førte til at bøndene nesten gjorde det til ei hellig handling å så korn, dei tok av seg hattane og bad om at dei måtte få ei god avling. Han viste korleis dette gjekk føre seg og alle tok av seg huene når Harald sådde korn. Han var utruleg flink å fortelje, så her har vi nokon å spele på i skulen ved eit seinare høve.

Harald hadde mykje spennande å fortelje om korn i gamle dagar
Harald hadde mykje spennande å fortelje om korn i gamle dagar
Alle stod med hua andektig i handa medan Harald sådde korn
Alle stod med hua andektig i handa medan Harald sådde korn
Alltid kjekt å få gå over den flotte Maurstadbrua på veg opp att til skulen
Alltid kjekt å få gå over den flotte Maurstadbrua på veg opp att til skulen

Gå til nyhendearkiv

Plakat på saniteten sine onsdagsturane frå mai til 9.september 2020
Bryggja Sanitetsforening
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.

 

1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
27. mai
ÅRSMØTE
Bryggja Bygdatun
27. mai
Onsdagstur til Hestedalsgota til Nakkelida, frå vassverket i Heggedalen
Bryggja Sanitetsforening
3. jun
Onsdagstur til Øgarden frå Hole, fellestur med Kjølsdalen
Bryggja Sanitetsforening
10. jun
Onsdagtur til Kjølsdalen, byggefeltet Langestigane til Årdalen t/r (fellestur), merk tidspunktet kl 17.45
Bryggja Sanitetsforening
17. jun
Onsdagstur til Falkeviksætra frå Almenningsfjellet (i sti over tunellen)
Bryggja Sanitetsforening
24. jun
Onsdagtur til Totlandsmarka, frå kraftverket til Blankevatnet
Bryggja Sanitetsforening
1. jul
Onsdagstur og KLØVERTUR. Movatnet- Høglia, grilling i Høglia. Fellestur.
Bryggja Sanitetsforening
8. jul
Onsdagstur til Kringla
Bryggja Sanitetsforening
15. jul
Onsdagstur til Skorsteinshola frå Navevatnet (nye skogsvegen)
Bryggja Sanitetsforening
22. jul
Onsdagstur Sætrevatnet frå Fagerlida
Bryggja Sanitetsforening
29. jul
Onsdagstur / Kløvertur til Tofta
Bryggja Sanitetsforening
5. aug
Onsdagstur til Yste Raudeggjevatnet frå Brunsvika
Bryggja Sanitetsforening
12. aug
Onsdagsturen til Ytre Hundeidesetra. Fellestur med Kjølsdalen. Merk kl 17.45 frå busskuret ved Bryggja Grendahus
Bryggja Sanitetsforening
16. aug
Søndag tur ilag med saniteten til Mosekleivhornet frå Hoddevikfjellet Stadt (fellestur), start kl 09.15
Bryggja Sanitetsforening
26. aug
Onsdagsturen/ Kløvertur til Navestøylen i Kjølsdalen, event til vatnet (fellestur), merk tidspunkt kl 17.30
Bryggja Sanitetsforening
2. sep
Onsdagstur til Rimsstadosen. Sløyfer setra i år også.
Bryggja Sanitetsforening
9. sep
Onsdagstur Torvhuse i trimløypa v/vassverket (grilling) KLØVERTUR
Bryggja Sanitetsforening
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening