Torsdag 21.november 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Egg i fugleholk ved Lefdalsvatnet

Fredag 30.april var ein nydeleg dag! Blå himmel, sol og 16 grader. Målet for denne utedagen var å lære om småfuglane våre, samt å sjå etter fugleholkane som heng ved Lefdalsvatnet. Mellomsteget (5. til 7.klasse) har laga 28 fugleholkar som Hei og Hå 4H har hengt opp rundt vatnet. Vi starta dagen med å ha ei samling ute, der vi fortalde litt om ulike fuglar og korleis vi skulle gå fram når vi skulle sjekke holkane.

Klasserom i det fri!
Klasserom i det fri!
Vi delte oss i to grupper og gjekk rundt vatnet for å ta holkane i nærare ettersyn. Barna var musestille og fulle av forventning når vi byrja å gå. Den eine gruppa hadde superflaks, i den andre holken dei sjekka fann vi eit nydeleg reir av måse, fjær og noko som minna om ulldottar. Det var 7 egg i fugleholken, og vi fann vi ut at det måtte være meise- egg. Fugleholken hang høgt oppe, men ved hjelp av ein eminent klatrar fekk alle ta ein titt på dei søte små egga. Vi fann ikkje fleire egg, men i mange av holkane var det påbegynna reir. Vi oppdaga at dei fugleholkane som hang i tre med mykje greiner ikkje var attraktive for fuglane.
Flyr det fuglar bort til holkane?
Flyr det fuglar bort til holkane?
Oppi denne holken fann vi fugleegg
Oppi denne holken fann vi fugleegg
Godt at nokon greier å klatre i tre utan greiner nederst!
Godt at nokon greier å klatre i tre utan greiner nederst!
Små søte kvite egg med raudbrune prikkar
Små søte kvite egg med raudbrune prikkar
Dei to gruppene møttest ved bålplassen og der hadde vi felles måltid. Etter mat måtte vi utforske området, vi fann ei lita elv som var kjekk å leike i og masse froskeegg. Ein plass var det til og med blitt rompetroll av egga. Ein elev peika på ei klyse med egg og sa: ”Åi, sånn har eg sett på tv!” I det augeblikket skjøna vi at uteskule verkeleg er verdt å satse på.






Elva var kjekk å leike i
Elva var kjekk å leike i
Dette treet var spennande
Dette treet var spennande
Vi hadde også ein natursti ved denne samlingsplassen, det var 15 postar med ulike fuglespørsmål. Barna gjekk to og to i lag med tevlingskupongar der dei kunne få maksimalt 15 rette svar. Det var imponerande kor mykje dei har lært om fuglar, alle gruppene hadde 11 rette eller fleire. Det var tre grupper som hadde alt rett! (dei som vil kan få teste seg……)
Naturstien var enkel for fugleekspertar!
Naturstien var enkel for fugleekspertar!



Gå til nyhendearkiv

Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
15. des
Julekonsert i Totland kyrkje
Bryggja Skulekorps
15. des
JULEKAFÈ i Grendahuset etter julekonserten i kyrkja
Ytre Nordfjord Brass