Tysdag 17.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Skulekorps - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Flott jubileumshelg

Bryggja Skulekorps 40-år

Av Kari Solheim

18.april markerte vi korpset sitt 40 års jubileum.
Det vart eit vellykka arrangement på alle måter. Mykje folk hadde møtt fram for å markere dette jubileumet saman med oss. Vi ønskte å sette musikken i fokus denne dagen og fekk god hjelp av Skram Skoles Musikkorps og Ytre Nordfjord Brass til det. Skulekorpset og Ytre Nordfjord Brass hadde øvd inn to felles nummer til konserten og dette er alltid like moro, både for musikanter og publikum. Alle tre korpsa hadde også sine avdelinger med mykje fin musikk.
Kirsten Lillebø og Dagny Nave hadde samla inn bilder til eit digitalt fotoalbum som vart vist på "Storskjerm". Dette var eit nytt og spennande konsept , og det såg ut til å falle i smak hos publikum.
Ellers så serverte vi mange gode kaker og kaffi, og det såg ut til at folk koste seg.
Vi hadde også utdeling av årsmedaljer:
5 års medalje: Tore Leivdal, Kjetil Solheim, Sondre Matias Nave, Cecilie Brobakke, Anita Leivdal.
7 års medalje: Monica Solheim , Malene Lunde Sætren
10 års medalje: Sigrunn Åland.

Bilder vert lagt ut seinare.



Gå til nyhendearkiv

Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind