Måndag 25.mai 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Norske 4H er ein landsomfattande, ideell barne- og ungdoms-organisasjon som er partipolitisk nøytral. Vi har medlemmer frå 10 til 18 år (og eldre).
Føremålet med 4H er
(Frå § 1 i lover for Norske 4H og § 2 i klubbvedtektene):

"Å utvikle ein arbeidsglad og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for alle menneske, naturressursar og livsvilkår"

Grunnlaget for organisasjonen sitt arbeid finst i bygdenæringane og i lokalmiljøet. Vi jobbar med eit prosjekt frå januar, til vi viser det fram på haustfesten i oktober. Prosjekta vi vel kan vere alt frå grønsaksdyrking, fiske og friluftsliv, strikking, matlaging, stell av hest, teater, osv. Det fins ingen grenser for å lage gode prosjekt, men det viktigaste med heile prosjektet er 4H sitt motto: "Å lære ved å gjere det"





Norske 4H si målsetjing er uttrykt gjennom 4H-lovnaden:
"Vi lovar å arbeide mot det mål og verte ein ungdom med klårt Hovud, varmt Hjerte, flinke Hender og god Helse."

Hei og Hå 4H er ein av 83 klubbar i Sogn og Fjordane. I tillegg til prosjekta våre har vi stor aktivitet. Vi har 4H møter, volleyballtrening, deltek på kurs i alt frå styrearbeid til laging av krabbeteiner. Vi reiser på leirar både i distriktet, rundt i fylket og i dei nordiske landa. Vi deltek og lagar til ulike aktivitetar saman med andre 4H klubbar i distriktet.

Hei og Hå 4H har i tillegg nokre fellesprosjekt for heile klubben. Vi skal være med å utvikle friluftsområdet på Søholmen, følgje opp fugleholkane ved Lefdalsvatnet, og vi har framleis kontakt med Ghana 4H.

Gudstenesta til Beate Osdal frå Totland kyrkje på 17.mai
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.

 

1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
27. mai
ÅRSMØTE
Bryggja Bygdatun
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening