Tysdag 17.oktober 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bygda Bryggja

Bryggja vaks opprinneleg fram som ein viktig handelsstad, for nokre hundre år tilbake, den gong båten var det viktigaste framkomstmiddelet. Utover dette har folket på Bryggja tradisjonelt dreve med jordbruk og fiske.
Bygda har nok fått navnet sitt frå “ Bryggen ved Storøen,” eller “ Ystebryggja “ i daglegtale. Her var god hamn i livd av øyane utafor, og ein sikker landingsstad den tid årar og segl var framdrifta på sjøen.
Herfrå gjekk det ferdselsårar gjennom Rimstad over Berstadeidet til Selje og over Maurstadeidet til Vanylven.
Her vaks den gamle handelsstaden fram, og kring midten av 1600-talet vart her skipa borgarsete med privilegert gjestgjevar- og handelsverksemd.
Kva område privilegiet gjaldt for er noko usikkert, men av bygdesoga for Davik av Jakob Aaland går det fram at folket i Hyen og jamvel i Almklovdalen skulle ha sin handel her.
Her vart poståpneri og dampskipsekspedisjon i 1858, og det vart faste postruter over Berstadeidet, Maurstadeidet og over Maurstad til Lefdal.
Fleire tilhøve kring århundreskiftet 1900 førde til at verksemda vart lagd ned: Staden vart herja av brann i 1898 og på nytt i 1910. Dampskipsekspedisjonen vart flytt innover, fyrst til Hessevik og seinere til Nore, og her utvikla det nye trafikk-knutepunktet og bygdesenteret seg.

Bryggja er i dag ei bygd med vel 600 innbyggjarar.
Talet på bønder minkar, og i dag er det få att som fortsatt driv jordbruk på heiltid.
Ein del av bygdefolket har arbeid i bygda; på bergverksbedrifta North Cape Minerals, på aldersheimen på skulen eller butikkane, men stadig fleire reiser til tettstadar i nærleiken for å arbeide.
Bryggja ligg i så måte framleis godt plassert - trass i at bilen har overteke for båttrafikken - i det bygda ligg i eit knutepunkt mellom ytre Nordfjord og Sunnmøre. Vegen er kort til fleire sentra; både Måløy, Åheim og Nordfjordeid.

Bryggja har ei lang rekkje kvalitetar som gjer det verdt å bu akkurat her:

  • Lang strandlinje med gode mogelegheiter for både båtliv, fisking og badeliv
  • Flott terreng for både fotturar og skiturar
  • Vakker natur
  • Relativt trygt nærmiljø for barn og unge
  • Ein del stabile arbeidsplassar
  • Offentlege institusjonar som skule, barnehage, aldersheim, post i butikk.
  • Mange frivillege lag og organisasjonar
  • Idrettsplass, godkjent skytebane, grendahus, lysløype
  • Kultur og historie, som den gamle postvegen mellom Rimstad og Berstad og den gamle kvelvingsbrua Maurstad Gamle Bru.
Bryggja var óg heimstaden til skodespelaren og spelemannen Alfred Maurstad, og ungdomslaget som blei skipa i 1894 har nytt godt av både musikk- og teaterkrefter i kjølvatnet. Korpsrørsla i bygda har óg lange tradisjonar, tilbake til 1897.
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening
Helsing til Davik Sanitetsforening den 26.august 2017
Bryggja Sanitetsforening
meir info om innbyggjarhøyringa i Bryggja
Trekningsliste frå Bygdelotteriet 17.mai 2017
Referat frå fylkesmannen, 04.07.2017, grensejustering Bryggja

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
22. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H
Hei og Hå 4H
12. nov
YNB held musikkafè i Grendahuset. Gjestekorps: Eid Musikklag
Ytre Nordfjord Brass
18. - 19. nov
Julebord
Bryggja Bygdatun