Tysdag 29.september 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Kunstnaren Erling Solheim

Erling Solheim © ukjent
Erling Solheim
ukjent
Erling Solheim var fødd på Bryggja i 1911 og døydde i 1973. Han har sett mange spor etter seg i bygdene i Nordfjord. Erling var son til lærar Anders Solheim og Anne Brobakke. Etter folkeskulen drog Erling Solheim til Ålesund på middelskulen, og seinare til gymnaset på Eid. I gymnastida måla han fleire bilete som hang på veggene i skulen. Som teiknar var Solheim sjølvlært. Han fekk aldri høve til å ta utdanning i den retninga han hadde slik givnad. Eitt av dei første større arbeida hans var sceneteppet i ungdomshuset på Blakset. Det er 4 x 3 meter og viser utsyn mot Hildeneset og Innvikfjorden. Det måla han då han var 17-18 år gammal. Solheim laga mange hundre teikningar med motiv frå nordfjordbygdene. Dei fleste nordfjordingar har sett ei Solheim-teikning. Stilen er særprega og lett å kjenna att. Dei vanlegaste motiva er Nordfjordmiljø, ofte med dyr som er naturtru og livfullt attgjevne. Mange har tykt vel om teikningane hans, og dei finst i mange stover i Nordfjord.
-Rigmor Navekvien-
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_9c6_6.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))
Trekningsliste Vårlotteri, Vestavind 2020
Vestavind
Trekningsliste Bryggja skulekorps 23.06.2020
Bryggja Skulekorps
Sakliste og rekneskap til årsmøte i Bryggja utviklingslag den 29.06.2020