Torsdag 28.mai 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Alfred Maurstad sin fødestad

Alfred Maurstad © Torstein Meidell Johnsen
Alfred Maurstad
Torstein Meidell Johnsen
Bilete teke juli 1944
Alfred Maurstad vart fødd på småbruket “ Tuftene “ på garden Maurstad i 1896. Han var ein framifrå skodespelar.
Frå teateret vart han vel mest kjend for roller som:” Peer Gynt “, “ Driftekaren “ og familiedramaet “ Lang dags ferd mot natt “, der han spelte mot ekskona Tordis og sonen Toralv. Han gjorde og stor suksess innanfor filmen, med hovedroller i bl. a. “ Fant “, “Gjest Bårdsen “, “ Trysil- Knut “ og den blide sørlendingen “ Tørres Snørtevoll “.
Som felespelar var han utrulig dyktig og ein god ambassadør for folkemusikken.
I sitt ekteskap med Tordis fekk han sonen Toralv, som vart eit av dei store namna innan norsk teater i etterkrigstida.
Tunet på Tuftene © H.Maurstad
Tunet på Tuftene
H.Maurstad
I sitt andre ekteskap, med Gro, fekk han sonen Endre og dottera Mari. Også ho har skaffa seg eit namn innanfor teatermiljøet.
Alfred døydde i 1967.

-Harald Maurstad-


SOMMARKVELD PÅ TUFTENE
I skråninga ned mot Maurstadvika ligg Tuftene, Alfred Maurstad sin barndomsheim.
-Junikvelden er lys og mjuk. - Med varlege steg går eg gjennom den opne grinda, langs steingarden, der skog og kratt går hand i hand for å gje ly og vern om den gamle garden. - Eg er i grenselandet mellom fortid og nåtid der stilla og einsemda går ved sida mi. Eg stoppar opp ved dei to gamle trea nedanfor husa,- stammane er ru og harde, med mønster og ein slags runer som naturen sjølv gjennom tidene har rissa inn. Men bladverket er nytt og ungt, og gjennom trekrunene skimtar ein kveldshimmelen.
Tuftene © H.Maurstad
Tuftene
H.Maurstad
Heimstaden til Alfred Maurstad
Dette var Alfred sitt rike. Her henta han inspirasjon til sitt krevende yrke som skodespelar, her spelte han sine roller,- her kunne han vere seg sjølv. Røtene og banda til Tuftene og heimbygda var sterke.
Ikkje rart at her var grobotn for draum og fantasi.- Dei gamle husa fortel si eiga soge - utan ord. Sovande- med gråbrune vegger, torvtak der eine og kratt har funne sin
naturlege plass. -
Vinden stemmer strengene, kjæler med graset ved eldhustrappa, der Alfred så ofte sat og stemte sine strenger. Tonar frå fela hans fyllte Tuftene med musikk den gongen, musikk som enno ligg i folkesjela, - og glimtar som perler i kulturen vår.

Inne i stova får ein óg denne kjensla av at tida har stått still. Gamle møblar og bruksting er tekne vare på, rokken, kardene og skyttlane fortel om farne tider og slekter. Likeeins bryllupskorga som har tilhøyrt bestemor til Alfred.
Nemnast må også Erling Solheim sine maleri, særlig illustrasjonene til visa om “Svarterabben”. Her har også denne kunstarten spelt ei stor rolle.
Det glimtar i dei små glasrutene, og eg har ei kjensle av at ein lyd manglar. - Eg lyttar - og oppdagar sjølve symbolikken i dette at tida står still : - Den gamle stoveklokka står. - Det har blitt seint,og skyminga legg seg over tun og gard. Ovanfor Lavollen skimtar eg Storebjørka,som ventar på at kveldsvinden skal gå til ro. - Ventar på at nattdogga skal legge sitt sølvgrå slør over greiner og blad. Storebjørka er gammal, ho minnest somrar som kom - og for. Igjen kjenner ho høgsommarsusen i bladverket. Stilt nynner ho songen som Alfred lærte henne ein gong for lenge, lenge sidan-: “Sommarkveld på Tuftene”,- songen som ingen andre kan.-

-Rigmor Navekvien-

Desse inntrykka frå Tuftene vart skrivne i 1990, i høve ein Maurstad-kveld under landskappleiken på Eid.

Plakat på saniteten sine onsdagsturane frå mai til 9.september 2020
Bryggja Sanitetsforening
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.

 

1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
3. jun
Onsdagstur til Øgarden frå Hole, fellestur med Kjølsdalen
Bryggja Sanitetsforening
10. jun
Onsdagtur til Kjølsdalen, byggefeltet Langestigane til Årdalen t/r (fellestur), merk tidspunktet kl 17.45
Bryggja Sanitetsforening
17. jun
Onsdagstur til Falkeviksætra frå Almenningsfjellet (i sti over tunellen)
Bryggja Sanitetsforening
24. jun
Onsdagtur til Totlandsmarka, frå kraftverket til Blankevatnet
Bryggja Sanitetsforening
1. jul
Onsdagstur og KLØVERTUR. Movatnet- Høglia, grilling i Høglia. Fellestur.
Bryggja Sanitetsforening
8. jul
Onsdagstur til Kringla
Bryggja Sanitetsforening
15. jul
Onsdagstur til Skorsteinshola frå Navevatnet (nye skogsvegen)
Bryggja Sanitetsforening
22. jul
Onsdagstur Sætrevatnet frå Fagerlida
Bryggja Sanitetsforening
29. jul
Onsdagstur / Kløvertur til Tofta
Bryggja Sanitetsforening
5. aug
Onsdagstur til Yste Raudeggjevatnet frå Brunsvika
Bryggja Sanitetsforening
12. aug
Onsdagsturen til Ytre Hundeidesetra. Fellestur med Kjølsdalen. Merk kl 17.45 frå busskuret ved Bryggja Grendahus
Bryggja Sanitetsforening
16. aug
Søndag tur ilag med saniteten til Mosekleivhornet frå Hoddevikfjellet Stadt (fellestur), start kl 09.15
Bryggja Sanitetsforening
26. aug
Onsdagsturen/ Kløvertur til Navestøylen i Kjølsdalen, event til vatnet (fellestur), merk tidspunkt kl 17.30
Bryggja Sanitetsforening
2. sep
Onsdagstur til Rimsstadosen. Sløyfer setra i år også.
Bryggja Sanitetsforening
9. sep
Onsdagstur Torvhuse i trimløypa v/vassverket (grilling) KLØVERTUR
Bryggja Sanitetsforening
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening