Laurdag 4.juli 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Laura Vinsrygg


Ei kvinne som har sett varige spor etter seg i bygda vår, er Laura Vinsrygg. Laura VinsryggHo vart fødd i Stryn i 1912 , og i heile sitt yrkesaktive liv arbeidde ho som lærar. Ho var i Tana i 15 år, både før og etter krigen. Siste skuleposten hennar var i Hennøy krins i Bremanger. I denne tida vart ho kjend med folket på Bryggja, og bestemte seg for å busetje seg der når ho vart pensjonist. Alt medan ho arbeidde i Hennøy - stranda skaffa ho seg bustad på Bryggja.
Laura var lett å kome i kontakt med , og hennar livsvisdom og lune humor særprega henne. Ho var ei sterk og sjølvstendig kvinne. Heile livet hadde ho hatt eit spartansk
levesett, - og trivdest med det. Likevel kunne ho sjå tilbake på eit eventyrleg liv.
Pensjonisttilværet såg ho på som ei utfordring, og ho kjende seg ikkje gammal.
Ho reiste mykje, både i inn - og utland ; hennar gode språkkunnskapar gjorde sjølv sagt sitt til at ho hadde mykje glede av det.
Mottoet hennar var at ein skal l e v e medan ein lever, dyrke hobbyar og vere i aktivitet. Ein må sjå fram til morgondagen og ha tru på framtida,om ein er komen
opp i åra.
Laura var ein etterspurd kåsør, og hennar forteljarkunst trollbatt tilhøyrarane. Ho kom igjen og igjen tilbake til åra i Finnmark,- og dei mange opplevingane ho hadde der, opplevingar som lærte henne å ta livet som det kom.
Vi fekk òg høyre om då ho som 50 - åring gjekk på språkskule i Oxford.
Då Bryggja Pensjonistlag vart stifta i 1980, var Laura første leiar, og ho la ned mykje arbeid i laget.
I filmen "Landstrykere" som var innspelt på Vågsberget, var ho med, - og gleid fint inn i både rolla og miljøet der.
Laura var òg kvinna med det store hjartelaget.
Då aldersbustadane på Bryggja var under planlegging i 1970 - åra, var Laura ein svært viktig pådrivar. Ho gav kr 80.000 til dette prosjektet, og betalte dermed si eiga leilegheit, som ho skulle bruke så lenge ho levde. Ho gav òg flotte spisestovemøblar til Bryggja Aldersheim, til glede for både pensjonærar og tilsette.
Ho sette pris på lag og organisasjonar i bygda som arbeidde for dei nære oppgåvene, iistaden for å sende hjelpa til dei som bur sør for Ekvator, som ho sjølv sa. Derfor testamenterte ho store pengesummar til desse laga, -og elles til institusjonar i bygda.
Laura fekk bu i den trivelege leilegheita si i fleire år. Her kjende ho seg heime, med bøkene sine, potetåkeren utanfor huset, - og bygdefolk som stoppa og slo av ein prat.
Laura døydde 15 oktober 1990, 78 år gammal.
Bygda vart fattigare, men spora etter henne vil bli ståande i bygdesamfunnet vårt - l e n g e .

Rigmor Navekvien.
Trekningsliste Bryggja skulekorps 23.06.2020
Bryggja Skulekorps
Sakliste og rekneskap til årsmøte i Bryggja utviklingslag den 29.06.2020
Plakat på saniteten sine onsdagsturane frå mai til 9.september 2020
Bryggja Sanitetsforening
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun

 

8. jul
Onsdagstur til Kringla
Bryggja Sanitetsforening
15. jul
Onsdagstur til Skorsteinshola frå Navevatnet (nye skogsvegen)
Bryggja Sanitetsforening
22. jul
Onsdagstur Sætrevatnet frå Fagerlida
Bryggja Sanitetsforening
29. jul
Onsdagstur / Kløvertur til Tofta
Bryggja Sanitetsforening
5. aug
Onsdagstur til Yste Raudeggjevatnet frå Brunsvika
Bryggja Sanitetsforening
12. aug
Onsdagsturen til Ytre Hundeidesetra. Fellestur med Kjølsdalen. Merk kl 17.45 frå busskuret ved Bryggja Grendahus
Bryggja Sanitetsforening
16. aug
Søndag tur ilag med saniteten til Mosekleivhornet frå Hoddevikfjellet Stadt (fellestur), start kl 09.15
Bryggja Sanitetsforening
26. aug
Onsdagsturen/ Kløvertur til Navestøylen i Kjølsdalen, event til vatnet (fellestur), merk tidspunkt kl 17.30
Bryggja Sanitetsforening
2. sep
Onsdagstur til Rimsstadosen. Sløyfer setra i år også.
Bryggja Sanitetsforening
9. sep
Onsdagstur Torvhuse i trimløypa v/vassverket (grilling) KLØVERTUR
Bryggja Sanitetsforening
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening