Onsdag 16.oktober 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmelding for 2010


MEDLEMSTAL 2010
I 2010 har utviklingslaget hatt ei medlemsmasse på 91 husstandar, 13 lag og foreningar og 11 bedrifter.

STYRET 2010
Leiar: Arne Husevåg,
Nestleiar: Jan Svein Hammer,
Kasserar: Anette Widerstrøm,
Skrivar: Ingvild Nave,
Styremedlem: Roger Rimstad,
1.vara: Betty Hessevik
2.vara: Monica Roset Fagerlid,
3.vara: Kristen Henning Heggedal

AKTIVITETAR I 2010
Styret har hatt 6 møter og handsama 11 saker. Alle styremøtereferat er lagt ut på heimesida.
Det ble bevilget kr 20000,- til ballbinge v/Bryggja skule og kr 1500.- til nissefesten i Rimstadalen.

BYGDEKAFÈEN
Bygdekafèen har vore open dei fleste laurdagar i 2010 og besøket har vore jamt godt. Her vil vi rette en stor takk til Harald Maurstad og Rigmor Navekvien i Pensjonistlaget for den innsatsen dei har gjort for å holde kafèen gåande. Vi vil også takke lag og organisasjonar som har vore med å holde dette tilbudet oppe.


HEIMESIDA www.bryggja.no
Her vil vi takke Randi Husevåg som gjer en kjempejobb med å oppdatere heimesida. Vi vil også oppfordre andre lag, organisasjonar og bedrifter i bygda om å bruke Bryggja sida aktivt.

SØHOLMEN
Det har ikkje vore store aktiviteten i denne gruppa dette året. Huset på Søholmen brant som kjend ned tidleg i sommar. Etter at dette brant ned hadde Søholmgruppa beståande av Jan Svein Hammer(BU), Viviann Midtbø (4H), Roger Rimstad (BU) og Einar Hessevik (Vågsøy kommune) eit møte der det blei vedtatt å setje av skjødselsmidlar til oppryddding av branntomta. Vidare ble det opplyst fra kommunens representant at det gjenstår å sette opp infoskilt over området på den nye parkeringsplassen. Dette arbeidet blei det bestemt at kommunen skulle produsere og levere med midler som kan hentast ut fra prosjektet. Skiltet er i skrivende stund enda ikke produsert eller montert. Det har dessverre ikkje lykkes å ferdigstille toalettbygget då det har vist seg vanskelig å få til dugnadsinnsats. Her gjenstår fortsatt å legge takstein (“raudepannje”) samt å ferdigstille rullestolrampen.

MOBILDEKNING I RIMSTADALEN
Dette prosjektet ser Telenor på som ulønnsamt, og krever at ein annen part skal stå for deler av finansieringen. Her har Vågsøy kommune vedtatt å sette av kr 405.000 eks mva som anleggsmidlar dersom det blir underskreve ei intensjonsavtale mellom Telenor Mobil som utbygger, Vågsøy Kommune som bidrar med midlar, samt Bryggja utviklingslag som initiativtakar. Vågsøy Kommune har vidare søkt om disse midlane frå annan instans. Nevnte anleggssum på 405.000 blir frigitt prosjektet dersom intensjonsavtalen blei undertegna før årsslutt 2010 og sjølvsagt kun dersom prosjektet blir realisert. Roger Rimstad hadde eit møte med Vågsøy Kommune der Intensjonsavtala blei undertegna før årsskiftet slik at midlene til prosjektet er tilgjengelige. Dersom grunneigarane tillater det, og eksisterende infrastruktur kan benyttes er dette prosjektet fullfinasiert. Montering og igangsetting av sender kan då bli ferdigstilt høsten 2011.


BRYGGJA 20XX
Prosjektgruppa: Ingvild Nave, Arne Husevåg, Peder Ole Maurstad, Arve Aalen hadde 4 møter + 2 møter med T.G.Åland før folkemøtet. Det ble bestemt etter folkemøtet at Utviklingslaget overtar prosjekt Bryggja 20XX. Etter at Utviklingslaget overtok prosjektet har vi hatt 3 møter.
Vi er no kommet så langt at vi har fått tak i navn og adresser på hjemmelhavere på Bryggja,
Ut fra det skal vi sende et skriv til alle og informere om Kommuneplanen som skal rullerast og innspel til denne. Vi vil også forsøke å få til en idè dugnad (folkemøte) i April mnd.

LYSLØYPE PÅ MAURSTAD
Lysløype fra Naveosen til Levdalsvatnet er lagt tilside da det ikkje er tilstrekkelig gehør blant grunneigarane og der er ingen til å drive/vedlikeholde ei slik lysløype.
Det vi arbeider vidare med er å prøve å få til ein vei fra skogsveien og ned til Levdalsvatnet, slik at rullestolbrukarar og familiar med barnevogner kan komme seg ned til vatnet.

Arne Husevåg
Leiar

Invitasjon til frivillige lag og org. i Stad kommune. Innbyggjartreff 26.okt på Nordfjordeid
Trekningsliste frå sanitetsbasaren. Takk for all støtte og hjelp!
Bryggja Sanitetsforening
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
20. okt
Bryggja Sanitetsforening er med som bøsseberarar i årets TV-asksjon
Bryggja Sanitetsforening
20. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.15.
Hei og Hå 4H
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind