Onsdag 16.oktober 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmelding for 2009


Medlemstal
I 2009 har utviklingslaget hatt ei medlemsmasse som har hatt følgjande samansetting:
102 husstandar.

Styret.
Leiar: Betty Hessevik, nestleiar: Arne Husevåg, skrivar: Kristin Maurstad, kasserar: Anita Endestad, styremedlem: Roger Rimstad.
Varamedlemmar: 1. vara: Iselin Endal Jepsen. 2. vara: Monica Roset. 3. vara: Kristen Henning Heggedal.

Aktivitet i 2009
Styret har hatt 2 styremøter og handsama 13 saker. Styremøtereferata er lagt ut på heimesida.

Bygdekafeen.
Denne har vore open på Dagsenteret dei fleste laurdagar i 2009. Stor takk til dei som har stilt opp og halde dette tilbodet levande.

Heimesida www.bryggja.no
Randi Husevåg har hovudansvaret for heimesida. Takk til Randi som gjer ein flott innsats for å halde sida oppdatert og i orden.
Igjen oppfordrar vi lag, organisasjonar, institusjonar og private om å legge stoff inn på sida.
13 firma og 12 lag og organisasjonar leiger plass på sida.

Søholmen
Betty Hessevik var valde til representantar i Søholmgruppa.
I 2009 vart vegtilkomst til Søholmen opprusta for kr. 90 000,-. Det er utført noko skjøtsel, men heller ikkje dette året lukkast det å ferdigstille toalettbygget. (Her manglar rullestolrampe).
Det er søkt om skjøtselsmidlar for 2010 og midlar til skilting.
Elles bør det komme ei avklaring om kva ein skal gjere med huset etter at Kystlaget har sagt frå seg ansvaret for dette.

Mobildekning i Rimstaddalen.
Det har vore ein viss framgang i denne saka i 2009. Telenor har laga ein plan på prosjektet og utbygginga er kostnadsrekna til ca kr. 400 000,-. Vågsøy kommune, som må stå som samarbeidspartnar med Telenor for å få gjennomført utbygginga, har med bistand frå Måløy Vekst v/Kristin Maurstad søkt Fylkeskommuna om midlar. Denne søknaden gav kr. 200 000,- . Etter lovnad frå rådmannen i Vågsøy Ørjan R. Forthun skulle saka takast opp til handsaming i formannskap og kommunestyre i februar, og det var gitt positive signal på at det skulle vere mulig å skaffe midlar til prosektet. Trass lovnad har saka ikkje vore oppe i kommunale organ. For å komme i mål må nok saka følgjast opp frå utviklingslaget si side.

Økonomisk støtte.
Bryggja Grendahus: kr. 20 000,-
FAU Bryggja Skule: kr. 4 000,- til kurs i trygg mediebruk
Nissefest på Rimstad: kr. 1 000,-
Lys til julegard ved skulen: kr. 5 000,-

Utviklingsprosjekt v/ Arve Aalen og Peder Ole Maurstad.
Roger Rimstad var utnemnd som representant i dette prosjektet. Det har ikkje vore aktivitet i forhold til dette prosjektet.

Lysløype Maurstad
Utviklingslaget vart i juli 09 kontakta av hytteeigar ved Lefdalsvatnet Arne Maurstad. Han ønskte å få straum fram til hytteområdet der og i den samanheng ville det også vere aktuelt å setje opp lysløype langs skogsvegen frå Naveosen og til Lefdalsvatnet. Utviklingslaget stilte seg positiv. Kristin Maurstad har vore kontaktperson. Prosjektet er i startgropa.
Invitasjon til frivillige lag og org. i Stad kommune. Innbyggjartreff 26.okt på Nordfjordeid
Trekningsliste frå sanitetsbasaren. Takk for all støtte og hjelp!
Bryggja Sanitetsforening
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
20. okt
Bryggja Sanitetsforening er med som bøsseberarar i årets TV-asksjon
Bryggja Sanitetsforening
20. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.15.
Hei og Hå 4H
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind