Onsdag 16.oktober 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmelding for 2008


Medlemstal
I 2008 har utviklingslaget hatt ei medlemsmasse som har hatt følgjande samansetting:
96 husstandar, 19 firma og 15 lag.

Styret.
Leiar: Betty Hessevik, nestleiar: Jetmund Nyvang, skrivar: Kristin Maurstad, kasserar: Olav Gjesdal, styremedlem: Anita Endestad.
Varamedlemmar: 1. vara: Roger Rimstad, 2. vara: Kitt Brobakke Rajeswaran, 3. vara: Rune Hole

Aktivitet i 2008
Styret har hatt 5 møter og handsama 11 saker. Alle styremøtereferat er lagt ut på heimesida.

Bygdekafeen.
Denne har vore open på Dagsenteret dei fleste laurdagar i 2007. Besøket har vore jamt godt. Stor takk til dei som har stilt opp og halde dette tilbodet levande. Koordinator for drifta dette året har vore Kristin Maurstad. Det er kjøpt inn skilt til kafeen.

Heimesida www.bryggja.no
Randi Husevåg har hovudansvaret for heimesida. Takk til Randi som gjer ein flott innsats for å halde sida oppdatert og i orden.
Igjen oppfordrar vi lag, organisasjonar, institusjonar og private om å legge stoff inn på sida.

Søholmen
Siste året har det fyrst og fremst vore 4H og Kystlaget Hornelen som har organisert praktiske gjeremål på Søholmen. Det er gjort eit omfattande skjøtsels- / skogryddingsarbeid. Den gamle støa er vøla, og det er laga 3 gruer ved stranda. Badebryggja er ferdigstilt og toalettbygget er oppsett. Her manglar rullestolrampe. Bryggja utviklingslag har hatt kontakt / avtale med personar for å få ferdigstilt dette bygget, utan å lukkast med det i 2008. Opparbeiding av parkeringsplass vart starta opp hausten 2008.
I juni hadde 4H distriktsleir på Søholmen der 50 ungar hadde overnatting og aktivitetar ei heil helg.
Kystlaget har sagt frå seg ansvar for huset, og det er starta ein prosess for å overføre arealet frå kommunen til staten.
Roger Rimstad og Betty Hessevik var valde til representantar i Søholmgruppa. Viviann Midtbø og Gert Meyer har vore med i eit styremøte der Søholmen var tema. Det er søkt om skjøtselsmidlar for 2009 og midlar til å setje i stand steinvollen over til Søholmen.

Bryggja skule si framtid.
Hovudsaka for utviklingslaget har vore Bryggja skule si framtid, då det frå Vågsøy kommune sin sentraladministrasjon og politisk hald har komme forslag om å legge ned skulen. Foreldreutvalet ved Bryggja skule tok initiativ til å arrangere eit folkemøte der utviklingslaget vart invitert med som medarrangør. Frank Årebrot, professor og samfunnsvitar frå Universitetet i Bergen var innleiar på møtet.
Det har også vore sendt brev til alle kommunepolitikarar for å setje fokus på situasjonen for barn og foreldre dersom skulen i bygda skulle bli lagt ned.

Mobildekning i Rimstaddalen.
Det har vore teke kontakt og forhandla med Måløy Vekst, rådmannen i Vågsøy Ørjan R. Forthun og Telenor for å få utbygd mobildekning i Rimstaddalen. Etter lovnad frå Telenor vil saka verte sendt over til prosjekterande instansar i Telenor i veke 10 i 2009.

Invitasjon til frivillige lag og org. i Stad kommune. Innbyggjartreff 26.okt på Nordfjordeid
Trekningsliste frå sanitetsbasaren. Takk for all støtte og hjelp!
Bryggja Sanitetsforening
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
20. okt
Bryggja Sanitetsforening er med som bøsseberarar i årets TV-asksjon
Bryggja Sanitetsforening
20. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.15.
Hei og Hå 4H
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind