Onsdag 16.oktober 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmelding for 2007


Medlemstal 2007
106 – mot 109 i 2006, dvs. stabilt medlemstal i høve til året før.

Styret 2007
Leiar: Kristin Maurstad, nestleiar : Olav Gjesdal, kasserar: Randi Husevåg, skrivar: Martin K Waag, styremedlem: Jetmund Nyvang, 1. vara: Anita Endestad, 2. vara: Kitt Brobakke Rajeswaran, 3. vara: Rune Hole.

Aktivitetar i meldingsåret
Aktiviteten har vore lågare siste året enn tidlegare. Styret har hatt 4 styremøter og har handsama 7 saker. Styremøtereferat er samla i perm på bygdekaféen i Dagsenteret og i tillegg lagt ut på heimesida.

Bygdekaféen
Denne har vore open på Dagsenteret dei fleste laurdagar i 2007. Besøket har vore jamnt godt. Stor takk til dei som har stilt opp og halde dette tilbodet levande. Koordinator for drifta siste året har vore Kristin Maurstad.

Heimesida www.bryggja.no
Randi Husevåg har hovudansvaret for heimesida. Trass ein del innvendingar mot forma på sida, er det no andre bygdelag som tenkjer seg å nytte ”Bryggjasida” som mal for sine sider.
Igjen oppfordrar vi lag, organisasjonar, institusjonar og private om å legge stoff inn på sida.

Søholmen
Siste året har saker kring dette vore administrert av ”Søholmgruppa”. Der er med ein frå Bryggja Utviklingslag, ein frå 4H og ein frå Kystlaget Hornelen. I tillegg har Inger Johanne og Børje Heikkinen vore velvillege ”konsulentar”, då desse hadde mykje med Søholmsaker å gjere tidlegare. Siste året har der vorte drive skjøtsel, slått og rydda. Badebryggja er komen dit den skal. Arbeid med forankring / feste er ikkje ferdig. Det er også klart til å setje opp ”do” på området.
Takk til Søholmgruppa for arbeid som er lagt ned siste året.

Prosjekt Penare Sentrum
Har ”kvilt” siste året. Det har ikkje lukkast oss å få tak i student som kan ta på seg arbeid med dette.

Prosjekt Utsiktsrydding
Har ikkje fått tildelt midlar til dette i 2007.

Informasjonstavler og serviceskilt rundt Bryggja
Det vert sett opp informasjonstavler på innfartsvegane til dei ulike kommunane i Nordfjord. Tiltaket er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunar i Nordfjord og Reisemål Stryn & Nordfjord. Saka vil verte sendt rundt til høyring først. Såleis kan ein kanskje vere med å påverke utforming m.v.

Bygdesamlinga 2007.
Kristin Maurstad deltok på Bygdesamlinga i Fjærland 6. oktober 2007.

BegeistRingen
Styret i Bryggja Grendahus fekk seg tildelt kvar sin BegeistRing i sølv som takk og oppmuntring for sin store innsats med anlegget. Overrekkinga fann stad på folkefesten 17. mai 2007.
Invitasjon til frivillige lag og org. i Stad kommune. Innbyggjartreff 26.okt på Nordfjordeid
Trekningsliste frå sanitetsbasaren. Takk for all støtte og hjelp!
Bryggja Sanitetsforening
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
20. okt
Bryggja Sanitetsforening er med som bøsseberarar i årets TV-asksjon
Bryggja Sanitetsforening
20. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.15.
Hei og Hå 4H
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind