Onsdag 16.oktober 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmelding for 2006


Medlemstal 2006
109 – mot 129 i 2005, dvs. nedgang med 20 betalande medlemer.

Styret 2006
Leiar: Inger Johanne Heikkinen, nestleiar : Harald Maurstad, kasserar: Randi Husevåg, skrivar: Martin K Waag, styremedlem: Arne Martin Myklebust, 1. vara: Gerd Endestad, 2. vara: Alfred Solibakke, 3. vara: Eivind Giil.


Aktivitetar i meldingsåret
Styret har hatt 7 styremøter i meldingsåret og har handsama 16 saker. I tillegg har vi hatt to møter saman med organisasjonar, lag og næringsdrivande, der ”Vårsleppen” vart planlagd i det eine møtet – og evaluert i det andre. I prosjekt ”Søholmen” har BU saman med Kystlaget Hornelen og Hei og Hå 4H samarbeidd under namnet ”Søholmgruppa”. BU har vore representert med ein eller fleire representantar på desse møta
Alle styremøtereferat er samla i perm på bygdekaféen i Dagsenteret og i tillegg lagt ut på heimesida.

Bygdekaféen
Denne har vore open på Dagsenteret dei fleste laurdagar i 2006. Besøket har tidvis vore godt. Stor takk til lag og privatpersonar som har stilt opp og på den måten halde oppe eit viktig sosialt treffpunkt for gamal og ung i bygda. Takk til Inger Johanne som har koordinert arbeidet med kafeen. Vi vil arbeide for at dette tiltaket kan halde fram.

Heimesida www.bryggja.no
Randi Husevåg har hovudansvaret for heimesida og er ofte i kontakt med brukarane for å få meir liv på sida. Ein del brukarar nyttar sida aktivt.. Vi oppmodar alle om å nytte sida meir, til nytte både for eige lag / føretak / institusjon og for dei mange som ”besøkjer” sida.

Kontor- og datautstyret
Ein PC og laserprintaren er selde. Ein PC står i Dagsenteret og er kopla opp mot nett.
Kopimaskina er flytta til Grendahuset sitt kontor til bruk for Grendahuset sitt styre. BU har rett til å nytte den ved behov. Grendahuset tek ansvar for driftskostnader og vedlikehald.

Søholmen
Som nemnt i innleiinga har det vore ein del møteverksemd her. Saman med Hei og Hå 4H og Kystlaget Hornelen har vi arbeidd under nemninga ”Søholmgruppa”. Dette er gjort: Avtale mellom Søholmgruppa og Vågsøy Kommune er inngått. Det er utarbeidd skjøtselsplan for området (eit eksemplar ligg på bygdekaféen/Dagsenteret). Ein har sendt søknad om tilkomst, søknad om midlar til skjøtsel og søknad om toalettanlegg. Kartverket har godkjent avtale om vegrett og avtalen er tinglyst. Svar på søknad om midlar er endå ikkje mottekne.
Kystlaget Hornelen har ansvaret for bustadhuset på Søholmen.
Til hjelp med sakshandsaminga har vi hatt god nytte av planleggjar i kommunen, Silje Reisz. Vi har også grunn til å takke medlemer / tillitvalde i dei nemnde laga for arbeidet med denne saka.
Badebryggja, som i siste årsmelding nærmast var lova ferdig til badesesongen i fjor, er endå ikkje på plass. Vi vonar vi slepp å skrive det same i årsmeldinga om eit år..

Områdetiltak/Natursti ved Lefdalsvatnet
Prosjektet er i mål. Sommaren 2006 var det ”opningsseremoni”, der mange var samla. Bygdefolk og andre er velkomne til å ta turen til området ved Lefdalsvatnet. Der er nedlagt eit fint arbeid for trivsel i nærmiljøet.

M/S ”Atløy” på Fjordaferd 26. april
Veteranbåten besøkte bygda denne vårkvelden. Dette synest å ha blitt ein tradisjon. Her er deler av historia vår langs fjorden konkretisert både ved sjølve båten, sal av ”historiske varer” og gjennom utstillingar. BU var kontaktledd for besøket og takkar Hei og Hå 4H som var med og laga ”miljø” på kaia.

Vårsleppen laurdag 20. mai 2006
”Tradisjonen tru” vart denne arrangert på Sverrekaia. BU stod som arrangør. Lag/ organisasjonar og næringsdrivande var kalla inn til planmøte på førehand. Fleire lag nytta høvet til å presentere seg, selje mat / drikke og litt lodd. Det var ei triveleg stund – og bra frammøte. I etterkant, 7. nov. 06, vart det halde evalueringsmøte om vårsleppen. Lag og næringsdrivande var kalla inn. Der vart det avgjort at ”vårslepp” med den form det har hatt dei siste åra ikkje vert arrangert i 2007. Konkrete framlegg til nye ”slepp” kom ikkje fram. Det vart lufta om det kunne vere interessant å satse på eit felles jonsokarrangement for bygda, utan at dette førte til ei avgjerd.

Prosjekt Penare Sentrum
Ikkje arbeidd med i meldingsåret. Ein har no vendt seg til Høgskulen i Sogn og Fjordane i von om at ein student kunne tenkje seg dette som tema for studieoppgåve.

Prosjekt Utsiktsrydding
Vi har ikkje fått tildelt midlar til dette i 2006.

Prosjekt Restaurering av ”Lisjebrua”
Prosjektet er sluttført. Takk til den som har lagt mest i arbeidet med dette: Egil Brobakke.

Informasjonstavler og serviceskilt rundt Bryggja
Vågsøy Kommune er minna om brev sendt hausten 2004, men har ikkje svart.

Bygdesamlinga 2006
Vart halden i Stryn 30. sept.-06. Alfred Solibakke, Harald Maurstad og Rigmor Navekvien tok del.

InnoBygd 16. – 17. juni 2006
Inger Johanne Heikkinen deltok på konferansen.

Andre område der BU har gjort vedtak
Ferdigstilling av gangveg v. Maurstad gamle skule.
Merking av gangfelt rv.15 ved Grendahuset.
Jektefesta ved Bryggja.


Invitasjon til frivillige lag og org. i Stad kommune. Innbyggjartreff 26.okt på Nordfjordeid
Trekningsliste frå sanitetsbasaren. Takk for all støtte og hjelp!
Bryggja Sanitetsforening
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
20. okt
Bryggja Sanitetsforening er med som bøsseberarar i årets TV-asksjon
Bryggja Sanitetsforening
20. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.15.
Hei og Hå 4H
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind