Onsdag 16.oktober 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmelding for 2005

Laget hadde ei gledeleg auke i medlemstalet, 129 medlemmar i 2005 mot 119 året før.

Styret (ikkje endra frå 2004):
Leiar: Randi M. Husevåg. Nestleiar: Harald Maurstad. Kasserar: Ragna Maurstad, Styremedlem/skrivar: Inger Johanne Heikkinen. Styremedlem: Arne Martin Myklebust.
1. vara: Gerd Endestad, 2. vara: Alfred Solibakke, 3. vara: Kirsten Lillebø.


Aktivitetar i meldingsåret
Styret har hatt 9 styremøter i meldingsåret. I tillegg kjem 3 møter i mai for førebuing til Bygdeforum 2005 der vi skulle legge fram sluttrapporten etter våre tre år i Bygdeutviklingsprogrammet.
Alle møtereferat er samla i perm på bygdekaféen i Dagsenteret og i tillegg lagt ut på heimesida.

Bygdekaféen/ Bygdekontoret
Utviklingslaget er ikkje lenger med i Bygdeutviklingsprogrammet og får dermed ikkje tilskot som før. Då Vågsøy kommune stilte Dagsenteret i Bryggja omsorgssenter kostnadsfritt til disposisjon for bygdekafé på laurdagane takka styret ja til dette. Leigeavtala med Tunold Eigedom gjekk ut 31.08., og den første kaféen i Dagsenteret var den 27.08. Antal gjester har auka etter flyttinga.
Trass i at det kan vere vanskeleg å få folk til å drive kaféen, har det vore ope dei fleste laurdagane i 2005, mest takka vere Kjellfrid Runshaug (Kvite Band) og 4H, som er trufaste ”hjørnesteinar” i kafédrifta. Inger Johanne har administrert kaféen.

Ein del av kontorutstyret frå Bygdekontoret er flytta til biblioteket i Grendahuset (kopimaskin, printer, scanner, server og to datamaskiner). Ei maskin er sett på lager og den tredje maskina står i bygdekaféen, men er ikkje i bruk ettersom Bryggja omsorgssenter ikkje har breiband.

Heimesida www.bryggja.no
Brukarane har vore lite flinke til å legge inn stoff det siste halve året. Randi Husevåg har hovudansvaret for heimesida og er ofte i kontakt med brukarane for å få meir liv på sida.

Søholmen
Grunnspørsmålet angåande veg til Søholmen er løyst. Vågsøy Kommune/Søholmengruppa har søkt om, og fått, midlar frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane/ Miljøvernavdelinga for å rehabilitere og utvide 84 meter veg frå huset til Jorunn Glomnæs i nord til sjøen i sør. Dette arbeidet er gjort.

All slåttemark vart gått over med beitepussar sommaren 2005. Badebrygga skulle ha vore på plass våren 2005, men landfestet er ikkje støypt. Intensjonen er at badebrygga skal vere klar til bruk før badesesongen 2006.
Eitpar ting må avklarast før arbeidet med skjøtselsplana kan sluttførast:

Områdetiltak/Natursti ved Lefdalsvatnet
Dette prosjektet er no så godt som avslutta. Alle informasjonstavlene er på plass og skulen har fått beskjed om at plakatane kan hengast opp

M/S ”Atløy” på Fjordaferd 27. april
Skulemusikken la øvinga si til kaia denne ettermiddagen, og i lag med Hei og Hå 4H som steikte sveler på bålpanne, vart det skapt litt festivitas rundt Fjordaferda til ”Atløy”.

Vårsleppen 21. mai 2005
Utviklingslaget hadde ansvaret for arrangementet, i samarbeid med 4H, Sanitetsforeninga, Ytre Nordfjord Brass, Redningsselskapet, Bondelaget, Jeger og Fiskeforeninga, Leikarringen og Skulekorpset. Bortsett frå Haugan Blomster var ikkje handelsstanden med. Arrangementet var i år samla på ”Sverre-kaia”, med sal av mat og drikke, i tillegg til aktivitetar for både små og store.

Prosjekt Penare Sentrum
Då Bryggja utviklingslag søkte om deltaking i Bygdeutviklingsprogrammet låg m.a. Prosjekt penare sentrum som ein del av grunngjevinga i søknaden. I midten av juni sende styret brev til alle grunneigarane i sentrum med orientering om dette prosjektet. ”Sentrum” er her definert som strekninga frå tunnelen til den nye naustrekkja. Arbeidet med å finne ein landskapsarkitekt vi har råd til har førebels ikkje gjett resultat.

Prosjekt Utsiktsrydding
Styret har gjennom Vågsøy kommune søkt om midlar frå Vegvesenet sitt ”Prosjekt opne landskap”. Vi har fått melding om at laget ikkje fekk midlar i 2005, men veit gjennom Fjordenes Tidende at Vågsøy kommune har fått tildelt midlar frå 2006. Vidare planlegging av prosjektet tek til så snart vi høyrer frå Vågsøy kommune.

Prosjekt Restaurering av ”Lisjebrua”
Det er sendt søknad til Vågsøy kommune om midlar til oppattbygging av Lisjebrua og rydding av skog i området rundt. Det er grunneigar Harald Maurstad som er søkjar av desse midlane og utviklingslaget som er prosjektleiar.

Informasjonstavler og serviceskilt rundt Bryggja
Vågsøy Kommune har ikkje svart på brev i denne saka.

Bygdeforum 2005 i Holmedal og Askvoll 3.-4. juni
Arne Martin laga ein flott PowerPoint-presentasjon over det arbeidet utviklingslaget har gjort i 3-årsperioden vi har vore med i Bygdeutviklingsprogrammet. Randi la dette fram på Bygdeforum, med Harald som støttespelar på historiedelen. Heile styret møtte på Bygdeforum.

Bygdesamlinga 2005
Heile styret deltok på bygdesamlinga i Holmedal i august. På desse samlingane møter ein bygdeutviklarar frå heile fylket og får idéar og litt ”fagleg påfyll”.
Undervegs var vi på synfaring i Stardalen for å sjå korleis Stardalen utviklingslag har arbeidd med prosjektet ”Rydding av kulturlandskapet”.

Studiereise til Sverige 22. - 24. september, frå Östersund i nord til Leksand i sør
Utviklingslaget var invitert med på turen, som var arrangert av landbruksavdelingane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Mellom dei 41 deltakarane var både frivillige og kommunale eldsjeler, byråkratar og politikarar frå dei tre fylkene. Inger Johanne deltok på denne studiereisa. Ho er òg med i det uformelle nettverket Kompetansebygder, som er samansett av ein representant for kvar kommune i Nordfjord. Rapport frå turen ligg på bygdekaféen i Dagsenteret. Sjå elles www.bygdeutvikling.no og klikk på ”om oss”.

Vegen vidare

Halde fram med kafédrift, drifte og vidareutvikle heimesida og vidareføre dei prosjekta vi har i arbeid.

Utfordring: Å få bygdefolket til å spele på lag med utviklingslaget, som vart skipa etter eit folkemøte i bygda. Vedtektene, §1 seier:
Bryggja Utviklingslag er eit fellesorgan for dei næringsdrivande, organisasjonar og lokalbefolkninga, som har interesse knytta til lokalsamfunnet innan laget sitt geografiske virkeområde. Bryggja Utviklingslag skal gjennom samling og koordinering av krefter og interesser arbeide for ei sunn utvikling av lokalsamfunnet, samt framheve lokalbefolkninga si rolle og verdi andsynes samfunn og styresmakter.

Det er opp til alle som bur på Bryggja å ”bruke” Bryggja utviklingslag! Oppgåva vår er å ”samle og koordinere krefter” som skal arbeide for bygda sitt beste. Kva som er best for bygda må bygdefolket fortelje oss. Dette skal det ikkje vere opp til styret i utviklingslaget aleine å avgjere.
Invitasjon til frivillige lag og org. i Stad kommune. Innbyggjartreff 26.okt på Nordfjordeid
Trekningsliste frå sanitetsbasaren. Takk for all støtte og hjelp!
Bryggja Sanitetsforening
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
20. okt
Bryggja Sanitetsforening er med som bøsseberarar i årets TV-asksjon
Bryggja Sanitetsforening
20. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.15.
Hei og Hå 4H
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind