Onsdag 30.september 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmelding for 2004


Laget hadde 119 medlemar i 2004.

Styret:
Leiar: Randi M. Husevåg
Nestleiar: Harald Maurstad
Kasserar: Ragna Maurstad
Styremedlem/skrivar: Inger Johanne Heikkinen
Styremedlem: Arne Martin Myklebust
1. vara: Gerd Endestad
2. vara: Alfred Solibakke
3. vara: Kirsten Lillebø.


AKTIVITETAR I MELDINGSÅRET:

Einar Hessevik er frå hausten 2004 laget sin kontakt- og ressursperson i Vågsøy Kommune.

Styret hadde 10 styremøte frå 11. mars og ut året. Alle møtereferat er samla i perm på bygdekontoret og i tillegg lagt ut på heimesida.

Bygdekontoret
Midlane frå Bygdeutviklingsprogrammet har mest gått til husleige og drift av bygdekontoret og kaféen.
Kontoret vert lite brukt. Ein av grunnane kan vere at folk i dag har mykje datautstyr heime i tillegg til at mange har fått breiband. Nøkkelen til kontoret er lett tilgjengeleg i daglegvarebutikken, som stenger kl 20.00.
Leigeavtale med Tunold Eigedom vart sagt opp i brev av 30.08.04. Noverande husleige skal betalast ut august 2005. Morten Tunold voner at Bryggja Utviklingslag kan få til meir aktivitet i bygda, og let difor laget få nytte lokala til bygdekontor og kafé ut år 2006. I dette tidsrommet vert leiga ”sett i samsvar med inntektene Utviklingslaget måtte få”. Ei stor takk til Morten som dermed gjer det mogeleg å drive kontoret og kaféen vidare.
Kontoret er ikkje kopla mot breiband, men har internett over ISDN linje. Den blir brukt litt på laurdagane.

Bygdekaféen
Kaféen har vore open dei fleste laurdagane og nokre fredagar i 2004.
Bygdekaféen har blitt ein sentral samlingsplass for bygdefolket om laurdagane. Det er mange som fast møter opp og ser fram til desse kafé-dagane. Utanom utviklingslaget er det lag og organisasjonar som har drive kaféen og betaler leige til oss, men det er likevel vanskar med å ha god inntekt på kafédrifta.
Inger Johanne har administrert kaféen.

Breiband
Styret har i samarbeid med private arbeidd for å skaffe breiband til Bryggja. Breiband vart installert hjå dei første abonnentane i april/mai. Leverandør: DataGuard.
Etter initiativ frå utviklingslaget vart det i samarbeid med Data Guard halde eit informasjonsmøte om breiband på Bygdekontoret den 24. mars. Både Bryggja og Almenning har i dag fått breiband, der både Data Guard og Telenor no er leverandørar.

Heimesida www.bryggja.no
Organisasjonar, lag og skulen brukar sida. Nye brukarar i år er barnehagen og aldersheimen. Mykje tid går med til å følgje opp sida som er bygd av DagenDin. Tekst er enkel å legge inn, men bilda er tungvint fordi dei må komprimerast. DagenDin har lova oss eit automatisk komprimeringssystem over nyåret.
Vi presenterte sida på bygdesamlinga i Vetlefjorden og i Kjølsdalen og får mykje skryt av sida frå andre bygder, som no vurderer å ta i bruk dette systemet.
Sida har dagleg 15 - 30 treff. Randi Husevåg har hovudansvaret for heimesida.

Søholmen
Prosjektet er eit samarbeid mellom Kystlaget Hornelen, Hei og Hå 4H, Vågsøy kommune og Bryggja Utviklingslag.
Etter initiativ frå Sogn og Fjordane 4H og Kystlaget Hornelen har utviklingslaget vore koordinator for ei arbeidsgruppe med representantar frå dei fire interessentane.
Det er utført mykje dugnadsarbeid både med sikring og reparasjon av huset, opprydding av det nedrasa fjøset og smia, og slått og rydding av det som var dyrka mark.
Skjøtselsplan er under utarbeiding v/ Janne Midtbø i Vågsøy kommune. Plana vert avgjerande for vidare bruk av området og kva for slags aktivitetar som skal prioriterast.
Prosjektet har fått midlar til badebrygge, bygd i Måløy, frakta til Bryggja og vil komme på plass våren 2005.
Jonsokafta var det samla mange til jonsokfeiring på Søholmen.

17.mai lunden
Opparbeiding av terrassar med maskin. Jonas Rimstad kalla saman til dugnad for å planere og området er sådd. Utviklingslaget har fått midlar frå Bryggja Bondelag, Bryggja Sanitetsforening og 17.mai komitéen.

Områdetiltak/Natursti ved Lefdalsvatnet
Vi er no ferdig med rydding av stien og berging av veden. Veden har vi stabla ved sitteplassane rundt vatnet og stubbane er sprøyta for å hindre ettervekst. Det står att å sette opp ei lita bru ved ei elv og legge noko å stige på i dei våtast partia på stien. Dette er ikkje naudsynt, men eit ønskje som vi skal arbeide med i 2005. Fire rasteplassbord er komne på plass rundt vatnet. Det er lagt ned dugnadstimar for kr 9.500,- i prosjektet.
5.-7.klasse ved Bryggja skule har laga fire informasjonstavler, som skal stå ved vatnet. Skulen skal bruke desse til å informere om dyre- og planteliv rundt vatnet. Elevane har vore der fleire ganger for å observere.
I april sette 4H opp 25 fuglekasser i trea rundt vatnet. Om lag 30 barn deltok.
Tre studentar frå høgskulen i Sogndal har teke prøver av vatnet og prøvefiska. Andre dagen var skuleelevane med på forskninga. Elevane tykte det var veldig kjekt å få vere med.
Sluttrapport for områdetiltaket er sendt til fylkesmannen.

Søknad om støtte til ”mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg” til å bygge ein betre veg ned til vatnet med kostnadsramme kr 80.000,- måtte vi trekkje tilbake. Dette fordi vi då måtte ta vekk bommen som er på skogsvegen inn til vatnet.

Informasjonstavler og serviceskilt rundt Bryggja
Vi meiner bygda er for dårleg skilta på riksvegane. Styret sende i oktober brev til Vågsøy Kommune v/rådmannen om hjelp til å få følgjande skilt på plass:
Ei informasjonstavle på riksveg 15 før transformatorkiosken på Maurstad, ei på Totland og ei ved Movassbrua på sørsida av fylkesgrensa på riksveg 61.
Serviceskilt i vegkrysset ved Grendahuset og ved avkøyrsla før tunnelen med tekst: ”Post/Bank, Daglegvare, Hagesenter”. Eit skilt på Totland med tekst ”Søholmen Friluftsområde” og eit på Maurstad med tekst ”Maurstad Gamle Bru”.
I alt tre informasjonstavler og fire serviceskilt.

Legekontoret på Bryggja
Styret drøfta legekontor-saka med kommunstyrerepresentantane frå Bryggja, i von om at der kan finnast grunnlag for å kjempe vidare mot nedlegging. Dette prosjektet blir det arbeidd vidare med på nyåret.

Bygdeforum 2004
Styret møtte med fire deltakarar på Bygdeforum på Gloppen Hotell.

Bygdesamlinga 2004
Laget deltok på bygdesamlinga i Vetlefjorden i august. Her reiste Harald, Randi, Inger Johanne og Ragna med følgje. Søndagen deltok vi på guida fottur på Gaularfjellet.

Referansegruppa for prosjekt 3017 i Vågsøy Kommune
Dette prosjektet gjeld ombygging og tilbygg på Bryggja Aldersheim. Inger Johanne er Utviklingslaget sin representant i referansegruppa. Denne gruppa vert kalla til orienteringsmøte når leiinga for prosjektet har nytt å legge fram.

Gåvemidlar
Laget sende i 2004 søknad til Sparebanken Vest og DNB Nor om gåvemidlar til sandvolleybane. Vi fekk kr 2000 frå Sparebanken Vest.


MÅLOPPNÅING:

Bygdekontoret og kaféen er no sikra framover ei stund, sjølv om laget ikkje lenger får tildelt midlar frå Bygdeutviklingsprogrammet.
Heimesida er i bruk.
Breiband er kome til bygda.
Lunden er ferdig opparbeidd og klar til å ta i bruk 17. mai.
Områdetiltak Lefdalsvatnet. Prosjektet er no ferdig.
Søholmen. Skjøtselsplan er under arbeid og badebrygga er laga. Huset er no tett og rydda, nokre rom inne er malt. Avtale med grunneigarane om tilkomstveg er ikkje i orden.

VEGEN VIDARE:

Halde fram med kafédrift.
Arrangere datakurs.
Drifte og vidareutvikle heimesida.
Fortsette samarbeidet med skulen og 4H.
Søholmen: vidareføre prosjektet.
Merke turstiar, oppstart våren 2005. Ansvar: Inger Johanne
Informasjonsskilt: Vi håper kommune og vegvesen vil vere positive til dette.
Få til eit folkemøte i 2005 ?
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
Trekningsliste Vårlotteri, Vestavind 2020
Vestavind
Trekningsliste Bryggja skulekorps 23.06.2020
Bryggja Skulekorps
Sakliste og rekneskap til årsmøte i Bryggja utviklingslag den 29.06.2020