Onsdag 16.oktober 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmelding for 2003

Laget hadde i 2003: 107 medlemmer.

Styret har vore slik samansett:
Leiar: Kristian Nave
Nestleiar: Randi M. Husevåg
Kasserar: Øyvind Fagerlid
Styremedlem/skrivar: Jofrid Maurstad Endal
Styremedlem: Ingar Tenden
1. vara: Vivian Sollid
2.vara/skrivar: Inger Johanne Heikkinen
3.vara: Katho Nave Giil.

Dette har skjedd i meldingsåret:

Laget sende i 2003 søknad til Sparebank 1 Vest om gåvemidlar til datautstyr, men fekk avslag.

Kjøkkenet
Kjøkkenet er oppgradert med meir straum, mikrobølgjeomn, hybelkomfyr og kjøleskåp.

Breiband
Arve Aalen har i samarbeid med styret arbeidd for å skaffe breiband til Bryggja. Dette er ikkje på plass, men arbeidet held fram.

Investeringar
Det er gjort fleire innkjøp til bygdekontoret, og vi kan kort nemne:
3 datamaskiner, laserskrivar, kopimaskin, skannar, digitalt kamera, videokanon.

Kafé-drift
Kaféen har vore open dei fleste laurdagane i 2003. Utanom utviklingslaget er det lag
og organisasjonar som har drive kafèen. Det er imidlertid vanskar med å ha inntekt på kafédrifta. Inger Johanne har administrert kaféen.

Datakurs
Det blei innkjøpt og lånt datamaskiner og kopla i nettverk, til saman 7 maskiner. Frå august 2003 blei det arrangert datakurs på bygdekontoret.
35 personar har fått grunnleggjande dataopplæring, og det var 14 deltakarar på
bilethandsamingskurset. Kirsten Lillebø og Börje Heikkinen har vore instruktørar.

Heimeside
Utviklingslaget har no fått si eiga heimeside. Adr: www.bryggja.no
Opna den 10.10.03. Vi har laga, skulen og barnehagen som brukarar på sida.

Vårslepp
Utviklingslaget deltok på ”Vårslepp” i mai, og hadde kafédrifta sjølve. Det blei
denne dagen drive med publikumsopplysning om laget.

Bygdeforum
Laget deltok på bygdeforum i Jostedalen med 5 utsendingar.

Bygdesamling på nordsida i Stryn: Laget deltok med 2 utsendingar til denne samlinga.

Samarbeid med Bryggja Skule og Hei og Hå 4H. Randi har vore på møte med dei to partane og det vart avtalt fordeling av oppgåver når det gjeld prosjekt Lefdalsvatnet.

Områdetiltak/Natursti ved Lefdalsvatnet
Har halde 2 dugnader der det er rydda skog og merka stien rundt vatnet. Og eit møte med rektor ved Bryggja skule om samarbeid med miljøtiltak ved vatnet. Bryggja jeger-og fiskeforening har med fisking og kultivering av Lefdalsvatnet.

Tursti/Brygge ved vatnet ved Lefdalsvatnet
Det er sendt inn søknad 1/12-03 om støtte til ”mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg” til å bygge ein betre vei ned til vatnet med kostnadsramme kr 80000,-.

Søholmen
Det har vore 5 dugnadsdagar på Søholmen i 2003. Jonsokafta var det samla ca. 60 personar til jonsokfeiring.
På ettersommaren var det opning av Kystleia ytre Nordfjord, med gamle båtar frå Rugsund og overnatting på holmen. Det var kystlaget Hornelen og Hei og Hå 4H som sto for denne tilstelninga.

Eitårsjubileum
Bygdekaféen hadde eitårsjubileum 06.12.03. Det var god oppslutnad frå bygdefolk,
Pressa (Fjordenes Tidende og Fjordabladet) møtte fram og laga fine reportasjar frå feiringa. Det blei servert rjomegraut, marsipankaker og kaffi.

2 Gjennomføring

Bygdekaféen
Bygdekaféen har blitt ein sentral samlingsplass for bygdefolket om laurdagane. Det er mange som fast møter opp og ser fram til desse kafé-dagane.

Bygdekontoret
Internettkafé: Plana var at det skulle drivast internett-kafe, men det har berre fungert
i samband med kafèen laurdagane.

Heimesida www bryggja.no
Prosjektet har hatt ei eiga gruppe som har arbeidd mykje med denne sida. Gruppa starta våren-03 og laga sende oss informasjon som vi kunne nytte. DagenDin.no starta i juni å bygge sida utifrå våre ønskjer og informasjon og vi kunne opne den 10.10.03. Vi har 18 brukarar på sida som legg inn informasjon sjølve. Vi har ein eigen historiedel som vi arbeider vidare med. Vi har frå 10 til 20 besøkande kvar dag på sida. Ansvarleg for sida er Randi Husevåg.


3 Måloppnåing
Datautstyr er på plass på kontoret
Heimesida er på plass og teke i bruk.
Det er halde fleire datakurs (grunnopplæring og biletehandsamingskurs)
Områdetiltak- Lefdalsvatnet- fått rydda sti og folk kan bruke turstien no, skulen er starta arbeidet med miljøkartlegging og å bygge fuglekasser, benkane er bestilt.

4 Ressursdisponering/ rekneskap
Heimesida:
Brukt ca kr 17000,- i 2003.
Områdetiltak-Lefdalsvatnet:
Dugnadstimar for kr 17000,- fått kr 15000 av tilskuddet på kr 20000,-.

Bygdekaféen/ Bygdekontoret:
Husleige m. straum og avgifter: kr 23 000,-
Kontorutstyr: kr 64 000,-
Telefon m. internett: kr 4 500,-
Div: kr 8 500,-

6 Viktige erfaringar
Ein bør utarbeide få og nøkterne planar.

7 Vegen vidare
Økonomi
I høve til investeringane og husleiga er det vanskar med å få det til å svare seg økonomisk for utviklingslaget. Utan bygdeutviklingsprogrammet og midlane som vert tilført hadde det ikkje vore mogeleg å halde drifta i gong.
Det har vore ein del innsats å få nokon til å drive kaféen kvar laurdag heile året.

Datakurs
Laget har fått fleire hendvendingar med ønskje om grunnleggjande datakurs.
Laget vil arbeide vidare med dette, og det vil også bli vurdere behov for kurs i ein eller fleire Modular i Datakortet.

Heimeside
Fleire og fleire brukar no heimesida, men vi må fortsatt arbeide vidare å få laga meir aktive. Vi sende ut julehelsing til utflyttarane der vi samtidig presenterte sida, dette håper vi var ei bra marknadsføring.
Vi arbeider vidare med å få brukarane meir aktive å legge inn daglege nyheter, aktivitetar i bygda og ikkje minst meir historie. Historieansvarleg er Harald Maurstad.

Samarbeid med Bryggja Skule og Hei og Hå 4H.
Prosjektsamarbeid med 4H og/eller Skulen ser vi svært positivt på og det vil vi prøve å
utvikle i tida framover.

Prosjekt Lefdalsvatnet.
Av midlane på kr 20000,- står det no att å få laga ferdig og plassert benkane og jamne ved sitteplassane. Mure opp gruver i naturstein. Vi må ha dugnad på å kappe veden og stable den opp, denne kan brukast ved sitteplassane.
Skulen har no starta bygging av fuglekasser og vil lage 4 oppslagstavler ved sitteplassane rundt vatnet. Dei vil kanskje og lage ei tavle ved Naveosen og ved skogsveien der vi går ned til vatnet. Resultatet i miljøundersøkinga, (dyreliv og fauna) vert i dei 4 oppslagstavlene.
Kanskje lage teltplass på sørsida av vatnet. 4H vil vere med på dette arbeidet.


Vi må arbeide vidare med fullføring av dei prosjekta som er sette i gong, ….


Invitasjon til frivillige lag og org. i Stad kommune. Innbyggjartreff 26.okt på Nordfjordeid
Trekningsliste frå sanitetsbasaren. Takk for all støtte og hjelp!
Bryggja Sanitetsforening
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
20. okt
Bryggja Sanitetsforening er med som bøsseberarar i årets TV-asksjon
Bryggja Sanitetsforening
20. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.15.
Hei og Hå 4H
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind