Tysdag 17.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Siri Kvia

Siri Kvia eller Sigrid Pedersdotter Maurstad går det ymse segner om. Ho var noko gala og noko besett heilt frå ho var gjentunge.Ho var fødd i 1790 - åri på Berget. Ho var flink å dikta viser. I si tid var ho vel so god som Rabben. Daa ho var gjente, hadde ho laga ei vise om Didrik og Martinus i Aasen, og det var tvo av dei likaste menn i bygda. So fekk dei Siri med seg og for til Eid, for det var ikkje doktor i nærleiken i dei dagar. Dei vilde faa doktoren til å segja henne sinnsjuk - og so faa henne paa daarehus.
Karane sette seg i årene, og Siri sat bak i båten og terga dei, song visa deira og arga dei paa beste måten. Daa dei kom til Eid og inn til doktoren, snakka Siri so vislegt og svara so klokt paa alt doktoren spurde om, at han sistpaa spurde karane um dei ikkje hadde anna å gjera enn å fara å ro paa eit friskt ungt menneske,som var minst like klok som dei.Med det måtte karane fara ut att. Men daa dei var komne i roinga att, tok ho Siri til med sitt att - å syngja og terga karane. Slik var ho.
Daa ho var framimot 40 år, vart ho gift med Erik Samsonson Nave. Det må ha vore vanskelig å få seg ei kone, meddi han tok henne. Ho vart eit kors alle dagar.
Ho hadde ei syster som heitte Seborg, som vart gift i Runnå. Ei jul skulde Erik og Siri dit i gjestebod. Daa dei kom ned og inn i utedøra,stod stovedøra opa. Ute i døra vart Siri var ei bile som stod der. Den tok ho og sende inn gjennom stova,so den stod fast i gavlveggen..Det skulde liksom vere ei fyreferd.
Seinare la ho seg heilt føre. Eingong ho låg ålene heime, grov ho seg på føter,kom seg ned til vatnet og tok båten og rodde ned til Nysætervika. Ho gjekk opp i marka, laga seg ei moseseng og la seg der. So fekk folk ei møde å faa henne heimatt. Det likte ho.
Erik fekk ei gamal gjente,Anne Knutsdatter Aashamarsvik til å stelle for seg, då Siri la seg føre.Henne mistrudde Siri for Erik. - Ho hadde vel noko rett i det. So laga ho vise um det. Kom det so nokon inn i stova, sette Siri seg opp i senga og song denne visa,medan ho hypte og skok seg.
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind