Tysdag 17.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Attgangarar

Attgangarar går det mykje prat um, og var vel den ovtrua som har halde seg lengst. Dette kjem truleg av at Henrik Brobakke, som skulde vera synsk, - såg mykje slikt heilt fram til 1930-åra. Henrik hadde ei syster, Kariane, som òg var synsk.
Ei hending frå ho var unggjente skal eg gjeva att. Etter at vegen over Maurstadeidet vart ferdig, vart det vanlig å fara til Slagneskyrkja når der var preike. Ein sundag ho og fleire var der, hadde ho sett seg paa ei gravtuve på kyrkjegarden. Då ser ho grava opna seg,og den som låg der kom fram og treiv ho over foten ovanfor kneet og kneip til.
So kvarv ho. - Men på vegen heimatt såg ho same skapnaden to gonger. Det var ei kvinne. Seinare vart ho òg plaga av same kvinna. So fann dei ut at Henrik skulde fara ut i Moldefjorden og søkje råd for systera hjå ei kone som skulde kunne bøte for slikt.
Henrik såg òg same synet som systera på vegen utover. Han kom til Moldefjorden og søkte råd for systera. Kona gav han ei flaske med noko på. ”Du kjem til å sjaa denne skapnaden tvo gonger paa heimvegen, men kvar gong skal du taka ein slurk av denne flaska, so er du kvitt dette”, sa ho. “Det same skal systera di gjere.”
Det gjekk slik som kona sa. Men merket etter gripet hadde Kariane all sin dag. Det var mange som hadde sett det, Blaatt merke etter fem fingrar. -
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind