Torsdag 1.oktober 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Gardfjøs på Totland med bjørnesikring


På Totland,ved vegen opp mot Fagerlida, ligg Kleivane.
I eldre tider hadde dei fleste brukarene på Totland gardfjøs der. Dei gamle steinmurane, der mose og lyng har funne sin naturlege plass,fortel oss om tider som
v a r . Ein legg særlig merke til gardfjøset med bjørnesikring for døra..For å verne seg mot bjørn,bygde dei dørkarmene slik at dei la fleire plankar oppå kvarandre i spor på utsida av dørkarmen.
Gardfjøs med bjørnesikring © Harald Maurstad
Gardfjøs med bjørnesikring
Harald Maurstad
( Biletet viser konstruksjonen.)
Ingen veit sikkert kor gammalt dette fjøset er,men treverket og muren talar sitt eige språk. Sagnet fortel om ein bjørn som kom og ville gå til åtak på dei som var der og stelte kyrne. Budeia var snarrådig; ho fann fort ein neverkrull, som ho sette fyr på.
Ho stakk den bort i bjørnepelsen, som med ein gong begynte å brenne.
Bjørnen vart redd og la kursen ned mot elva. Ved Stomnevikane sprang han ut i dammen,og der enda han sine dagar.

Eigar av gardfjøset er Per Totland.

Muntleg kjelde: Reiel Fagerlid. Rigmor Navekvien.
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
Trekningsliste Vårlotteri, Vestavind 2020
Vestavind
Trekningsliste Bryggja skulekorps 23.06.2020
Bryggja Skulekorps
Sakliste og rekneskap til årsmøte i Bryggja utviklingslag den 29.06.2020