Tysdag 10.desember 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmelding for 2002

1) Samandrag

Årsmøte den 2. april 2002. Ordna med logo til laget. Deltok på ” Vårsleppet ” på Bryggja. Sende ut info-skriv saman med kontingentkrav. Sende søknad 15.mai og
fekk seinare innvilga kr. 20000,- til Lefdalsvatn-prosjektet.
21.mai hadde vi møte med Styret i Bryggja Grendahus om ev. bygdekontor.
Vi kom med i Bygdeutviklingsprogrammet!
Tilbod frå Tunold Eigedom om gratis leige i eit år + to år rimeleg leige. Vi skreiv kontrakt.
Deltok på Oppstartsamling 2. og 3. oktober.
Etablerte prosjektgruppe for Søholmen – prosjektet. ( Statleg frikjøpt friluftsområde).
Kjøpt heimeside av DagenDin.
Fire personar var på Bygdeforum i Førde 22. og 23. november.
Intens oppussings- og møteverksemd før vi opna Bygdekontoret den 7.desember.
Organisert eller dreve kafe kvar laurdag. Kalla inn alle lag i bygda til møte om vidare kafedrift.
Fått 4 PC-ar på plass på kontoret.

2) Gjennomførig

Lefdalsvatn-prosjektet
Grunneigarane og Bryggja og Omegn Jeger og Fiskeforening
er orienterte og positive. Det er ikkje gjort noko fysisk med dette prosjektet p.g.a.
mykje arbeid med kontoret. Dette prosjektet var ikkje med i våre langsiktige planer.

Kartlegging av ressursar i bygda
Dette prosjektet er ikkje starta opp endå.

Bygdekontoret
Det vart opna den 7.desember med brask og bram. Store, fine lokaler som ligg sentralt i bygda. Kafe kvar laurdag. Ser ut til å bli ein god samlingsplass for bygdefolket. Der er seks kafebord og 4 PC-ar.( Skal bli 6 PC-ar + utstyr).
Etablering av kontoret vart mykje arbeid på styremedlemmane og vara Randi. Vi oppretta ikkje prosjektgruppe og var for lite flinke til å dra med oss andre. Spesiellt ungdom. Ungdom er heller ikkje den største gruppa på laurdagskafeen. Komplett datautstyr, internett og andre tiltak trur vi vil rette på dette.

Internettkafe
Ikkje i gang, men det kjem i ei eller anna form.

Heimeside
Sida er kjøpt. Vi har sikra oss domene ”bryggja.no”. Ei gruppe på fire personar jobbar med å få den opp å gå.

Søholmen
Prosjektet kjem i tillegg til framdriftsplanen. Etter iniativ frå Sogn og Fjordane 4H og Kystlaget Hornelen sommaren 2002, har Bryggja Utviklingslag vore koordinator og kalla inn til møte og fått i stand ei prosjektgruppe av Hei og Hå 4H,
Kystlaget Hornelen, Vågsøy Kommune og Bryggja Utviklingslag.
Ute på Søholmen har vi ordna taket på huset og sett nye ruter i vindauga.
Positive holdningar ”over alt” vi meiner prosjektet er i godt gjenge.

3) Måloppnåing

Det som er gjort dette året stemmer bra med dei planene som er sett opp i Framdriftsplanen vår, med unntak av kartlegging av ressursar i bygda.
I tillegg til planen har vi Lefdalsvatn-prosjektet, og at bygdekontoret / kafeen vart eit meir omfattande og betre prosjekt enn vi kanskje hadde sett føre oss.
Søholm-prosjektet kjem også i tillegg til planen.

4) Ressursdisponering

Rekneskap og budsjett er ikkje klart. Vi har brukt kr 10000 til heimesida og kr 5000 til oppussing av kontoret. Utover dette har vi berre brukt små pengar og gåver.

5. og 6) Desse hoppar vi over no.

7) Vegen vidare

Dei prioriterte tiltaka framover er:
Bygdekontoret m/kafe, heimeside, Søholmen og tursti rundt Lefdalsvatnet. Det er usikkert kor tid det blir tid til kartlegging av ressursar i bygda.


Bryggja Utviklingslag
Kristian Nave, ref.

Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
15. des
Julekonsert i Totland kyrkje
Bryggja Skulekorps
15. des
JULEKAFÈ i Grendahuset etter julekonserten i kyrkja
Ytre Nordfjord Brass